Støtte til ny musikk for unge songarar
Fristen for å søke støtte i 2025
er 1. mars!
Sidan 2021 har Ung i Kor hatt ei fast støtteordning kalla Støtte til ny musikk for unge songarar. Ordninga har blitt utlyst fire gonger sidan 2021.
I ordninga kan kor søke om støtte til eit samarbeid med ein komponist, og komponistar kan óg søke om å bli kopla saman med eit passande kor. Vi ønsker særskilt å få inn søknadar frå unge komponistar.
Kvart verk vert støtta med kr. 15.000 som skal gå rett til komponisten. I tillegg får alle komponistar tilbod om opptil kr. 5000 i støtte for å dekke utgifter til rettleiing.
Målet med ordninga er både å oppmode unge komponistar til å skrive for barne- og ungdomskor, samt å gje fleire kor tilgang på nyskriven musikk. Alle medlemskor i Ung i Kor, enten dei er barnekor, ungdomskor, studentkor eller unge vokalensembler, kan søke på ordninga.
Lurer du på korleis denne prosessen kan sjå ut? Her kan du lese eit fint blogginnlegg om da Anne Ingrid T. Kjær skreiv musikk til Oppsal skoles kor.
Tidligare tildelingar
Sida vil bli oppdatert med oversikt over tidligere tildelinger.