Sentrale avtaler

 

Ung i Kor har ein fast avtale med TONO, som forvaltar musikkverk av norske tonesetjarar. Avtalen inneber at Ung i Kor sine medlemskor kan framføre dei musikkverka som blir forvalta av TONO utan å måtte innhente samtykke i kvart einskilt høve. Koret oppfyller sin del av avtalen gjennom å rapportere konsertane sine. Les meir her.

 

Ung i Kor har også ein fast avtale med forsikringsselskapet IF, som gjer at våre medlemskor har høve til å teikne ei forsikring for verksemda si, som også dekker instrument og andre eigedelar til koret. Prisen blir sett per songar og år, og blir betalt gjennom Ung i Kor, i samband med årsrapporten. Les meir om polisen her.