Barn Synger

rgb-barn-synger-fargerFor english, click here.

I tråd med Ung i Kors visjon “Unge stemmer skal høres!” er vår målsetting at alle born i Noreg skal ha tilgang til eit kor eller eit sangtilbod i sitt nærmiljø. Vår regionale underorganisasjon Ung i Kor – Vest starta prosjektet Barn Synger med støtte frå Bergen kommune for å etablere kor i områder i byen som mangla tilbod.

Hausten 2015 blei prosjektet utvida til ei nasjonal satsing med støtte frå Kulturdepartementet. Gjennom pilotprosjekt i bydel Gamle Oslo i Oslo og bydel Årstad i Bergen har organisasjonen etablert lågterskeltilbod med eit særskild fokus på inkludering av alle born uavhengig av sosial, kulturell og økonomisk bakgrunn.

Gjennom 2016 har Ung i Kor også tatt initiativ til koraktivitet på asylmottak i Oslo, Bergen og Alta, og samarbeidar aktivt med fleire aktørar for å styrke kortilbodet for alle born og unge i heile Noreg.

Dei ulike prosjekta under Barn Synger er drifta med støtte frå ei rekkje innstansar: Kulturdepartementet, Utlendingsdirektoratet, Bergen kommune, bydel Gamle Oslo (Områdeløft Tøyen) og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner.

Aktuelle prosjekt og samarbeidspartnarar

Bergen Barnekor utviklast i samarbeid mellom Ung i Kor – Vest og Bergen kommune og hovudmålet er å få etablert barnekor i alle bydelar.

I samarbeid med Ny-Krohnborg skoles FAU og Bergenhus og Årstad kulturkontor er Ung i Kor med å drifter kor ved Ny-Krohnborg kultursenter. Her er det kor for 3. til 7. klasse og en egen vokalgruppe for 6. og 7. klasse.

Barn Synger på Tøyen er eit lågterskeltilbod for alle born på Tøyen i Oslo mellom 2. og 5. klasse. Koret er drifta av Ung i Kor.

Forandringshuset Grønland er eit kultur- og aktivitetshus for born og unge i Oslo. Torsdagar har Ung i Kor vokalgruppe for ungdommar mellom 13 – og 19 år på huset. Klikk her for å lese meir om vokalgruppa.

Kultur i Gamle Oslo tilbyr gratis kulturaktivitetar for born og unge i bydel Gamle Oslo. Barnekoret Crescendo ved Gamlebyen skole blir drifta med støtte frå Barn Synger/Ung i Kor.

Ung i Kor Nord og Ung i Kor SørØst organiserer i 2017 songtilbod einslig mindreårige asylsøkarar, med støtte frå UDI.

ALLEMED er eit gratis verkty som skal gjere det enklare å inkludere born og unge fritidsaktivitet, uavhengig av familien sin økonomi. Ung i Kor er ein av organisasjonane som deltek i ALLEMED-dugnaden.

Sing Me In er eit europeisk samarbeidsprosjekt med støtte frå EU Erasmus plus, der Ung i Kor er ein av 10 organisasjonar som samarbeidar med Europa Cantat, det europeiske korforbundet, om kartlegging og utvikling av sang i integreringsarbeid.

 

          

      skjermbilde-2016-09-13-kl-13-04-59skjermbilde-2016-09-14-kl-12-48-01skjermbilde-2016-09-14-kl-12-51-40