Landsmøte og vokalfestival i eit vårleg Bergen

Rapport frå Landsmøte

Den fyrste helga i april hadde Ung i Kor landsmøte på Flesland utanfor Bergen. Organisasjonen fekk eit nytt styre, der Inga Sandve vart attvald som styreleiar for perioden 2019-2021.

Linn Broderstad og Aina Orø Graven var ansvarlege for Vokalfestivalen. Foto: Bernhard Bornstein / Ung i Kor

Bergen viste seg frå si beste side då Ung i Kor samla tillitsvalde, delegatar og tilsette for landsmøte, 5.-7. april 2019. Nytt for denne gongen var at møtet vart gjennomført parallelt med Ung i Kor vokalfestival, vår nye satsing på ei landsdekkjande samling for barne- og ungdomskorsongarar.

Opninga av landsmøtet vart altså lagd til Kultursalen Fana kulturhus, der både organisasjonen og dei deltakande songarane på festivalen var samla. Stortingsrepresentant Grunde Kreken Almeland (V) var gjest, og heldt ein engasjert tale for salen. Han fortalde om sin eigen bakgrunn som korsongar, og kva det å syngje i kor hadde gjort for han – ikkje minst lærdommane av å skulle vere økonomisjef i ungdomskoret sitt. Han lyfte også fram arbeidet med å styrke tilhøva for barne- og ungdomskultur framover, og noko av det spesielle det er å vere med i eit kor. -Eit kor, sa Almeland, er ein unik plass, som har både noko individuelt og kollektivt ved seg. Sjølv om koret syng samla, vil det alltid utgjerast av enkeltstemmer. Samstundes som ingen utgjer eit kor åleine. Det er ikkje mykje som er kraftigare enn kor, og dei kjenslene det manar fram.

Etterpå fekk alle oppleve ein fantastisk konsert med Vokalkvintetten Fauna. Gjennom dei siste åra har Fauna markert seg som eit spanande innslag på norske konsertscenar, med sin særprega samklang og deira kreative arrangement med røter i norsk folkemusikktradisjon. Konserten vart ei flott oppleving, og ei vakker innføring i kva helga skulle handle om – song.

Dagleg leiar VIctoria Liedbergius og styreleiar Inga Sandve saman med Grunde Kreken Almeland (V). Foto: Bernhard Bornstein / Ung i Kor

Medan vokalfestivalen tok til på kulturhuset, gjorde delegatane seg klare til landsmøte. Landsmøtet gjekk fredeleg føre seg, og under møtet vart verksemda for dei to siste åra gjennomgått, og arbeidsprogram for dei to komande åra vedteke. Det vart også valt eit nytt styre. Inga Sandve, som har sutte som styreleiar sidan førre landsmøte i 2017, vart attvald også for den komande perioden. På dei andre plassane i styret vart fylgjande representantar innsette:

Nestleiar: Aksel Dalmo Tollåli
Styremedlem: Sofie Justad Hofseth
Styremedlem: Joar Simarud Stabell
Styremedlem: Ingeborg Bjørkmo Hall
Styremedlem: Henrik Sand Dagfinrud
Vara: Frida Ekerhovd
Vara: Christina Thingvold
Vara: Herbjørg Lind

Alle barn vinkar til publikum under Festivalkonserten. Foto: Bernhard Bornstein / Ung i Kor

I samband med landsmøtet hadde det avgåande UKO-kullet ein presentasjon om sine to år i organisasjonen, og om det dei hadde fått arbeide med. Me ynskte også det nye kullet, for 2019-2021, velkomen. Dei fekk innleie si tid i Ung i Kor på Vokalfestival, og skal under dei komande to åra få prøve seg på litt av kvart innan både kulturarrangement og organisasjonsliv. Kven veit, kanskje nokon av dei blir å sjå i styret til Ung i Kor i framtida?

Høgdepunktet under helga var elles sjølvsagt den store festivalkonserten på Fana kulturhus, laurdag kveld. Der fekk delegatar, foreldre og alle andre høyre kva deltakarane på vokalfestivalen hadde arbeidd med. Både barnegruppa, ungdomsgruppa, og fleire av dei tilreisande kora stod på scenen i det som vart til ein svært imponerande konsert. At vokalfestivalen hadde vorte ein stor suksess, var noko som alle var samde om. Dette har me lyst til å gjere fleire gonger!

 

Alle deltakarar er samla etter landsmøtet. Foto: Bernhard Bornstein / Ung i Kor

Comments are closed.