Årets barnekordirigent

Kvart år delar Ung i Kor ut ein pris til ein barnekordirigent, som på nokon måte har vist seg fram innan laupet av året. Prisen går til ein korleiar som arbeider med songarar under 16 år, og har som mål å lyfte fram dirigentane som arbeider med barnekor i Noreg.

Eit godt dirigentarbeid kan sjå ut på mange måtar. Difor har Ung i Kor sett opp eit breitt spekter av eigenskapar som mogelege grunnar for nominasjon. Desse inkluderer mellom anna:

  • Arbeid av høg kvalitet over lang tid.
  • Ei framståande og merksemdsverdig konsertgjennomføring.
  • Eit særskilt utviklande eller krevjande prosjekt.
  • Inspirerande og framståande rekruttering av songarar.
  • Oppstart, etablering eller drift av barnekor på ein stad eller i eit miljø der barnekordrift ikkje elles ville ha funne stad.
  • Ein original idé eller konsept for drift, konsert, innspeling eller utgjeving.
  • Nybrotsarbeid innan repertoar eller sjangertenking.

Fulle retningsliner for tildelinga av prisen finn du her: Retningslinjer for Årets Barnekordirigent

Prisen er på kr 25.000, saman med ein handlaga skulptur. Du kan nominere kandidaten din fram til 18. november 2018. Skjema for nominering finn du her.

Einkvar barnekorleiar i Noreg kan bli nominert til prisen. Kandidaten treng ikkje å vere medlem i Ung i Kor.

 

Årets barnekordirigent – skulpturen

 

Tidligere mottakere:
2017: Tone Wik
2013: Tove Lundborg.
2012: Anne Karin Sundal-Ask
2011: Edle Stray-Pedersen
2010: Ragnhild Hiis Ånestad
2009: Bryan D. Breidenthal
2008: Ingen utdeling
2007: Ellen Lundereng
2006: Vigdis og Trond Oftung
2005: Liv Hugstmyr Særheim