Pressemelding: Yuval Weinberg tek over Norges Ungdomskor

Den unge, Israelske dirigenten Yuval Weinberg (f. 1990) tek over Norges Ungdomskor 2017. Weinberg vil vere dirigent og kunstnarleg leiar for koret gjennom prosjektåra 2017 og 2018. Dette er første gangen koret engasjerer ein utanlandsk dirigent.

Norges Ungdomskor er drifta av Ung i Kor, og Weinberg er utvald av styret i organisasjonen.

– Yuval Weinberg elskar utfordringar og som dirigent er han både impulsiv og interessant. For songarane i koret trur eg dette blir to spennande og lærerike år!, seier Lisa Ingdal, som er styremedlem i Ung i Kor og i tillegg tidlegare sangar i Norges Ungdomskor.

Weinberg vart både overraska og glad då han fekk tilbodet.

– Eg byrja å tenke på stykker og kva type musikk vi skulle gjere med ein gang eg fekk tilbodet. Eg hadde høyrt om koret frå fleire kjenningar også før eg flytta til Noreg, og eg veit at koret har hatt fantastiske dirigentar, som Vivianne Sydnes og no seinast Marit Tøndel Bodsberg.

– No ser eg fram til å bli kjend med alle sangarane, som kjem frå ulike stadar i heile Noreg. Og eg gler meg til å øve in repertoaret, som inkluderer mellom anna “Drei geistliche Gesänge” av Alfred Schnittke. Eg trur dei unge sangarane i Norges Ungdomskor vil gi denne syklusen av Russisk-ortodokse bønner eit nytt og uvanleg uttrykk, fortel han entusiastisk.

I 2017 feirar Norges Ungdomskor 30 år, og Weinbergs første oppdrag som dirigent blir ved The International Youth Choir Festival 2017 i London, som vert arrangert for første gang. Der skal koret mellom anna, som eit av åtte særskild utvalde ungdomskor frå heile verda, synge i Royal Albert Hall.

Året held fram med Norgesturné i august og stor jubileumskonsert i Oslo 21. oktober, der alle tidlegare sangarar og dirigentar er inviterte til å delta.

Yuval Weinberg er født 1990 i Israel, og har bachelorgrad i direksjon fra musikkhøgskolen Hanns Eisler i Berlin, før han fullførte mastergrada si i kordireksjon ved Norges Musikkhøgskole våren 2016. Les meir om dirigenten på Norges Ungdomskor sine nettsider.

Norges Ungdomskor samlar Noregs beste korsangarar mellom 16 og 26 år. Koret blei starta i 1987 og har hatt årlege samlingar og reiser i inn- og utland sidan den gang. Koret vert drifta av Ung i Kor.

Comments are closed.