Vokalgruppa på Forandringshuset Grønland søker nye songarar!

Siril Malmedal Hauge er instruktør for vokalgruppa ved Forandringshuset Grønland.

Kvar torsdag øver ein gjeng songglade ungdommar i ei vokalgruppe ved Forandringshuset Grønland, og no ser dei etter nye songarar. Møt opp på torsdagar kl 18 og heng deg på!

Per i dag har vokalgruppa 6 faste medlemmar som har sunge saman i eit år. Dirigent og instruktør er Siril Malmedal Hauge, som er utdanna jazzsongar frå NTNU og som i dag er profesjonell songar og instruktør. Siril og dei andre songarane har eit variert repertoar frå moderne popmusikk til sjølvskrivne songar som deltakarane har teke med sjølve.

Vokalgruppa er open for alle frå ungdomsskulealder og oppover. Klikk deg inn på Facebookhendinga her og bli med!

 

Comments are closed.