Turnérapport frå Norges Ungdomskor

Ein ny sommar er over, og det betyr at Norges Ungdomskor har gjennomført nok ein turné. I år gjekk turen til Catalonia, Provance før koret avslutta med konsertar i Gjøvik og Oslo. Les om vakre kyrkjer, sang og nye venskap i denne turnérapporten.

Norges Ungdomskor i Vaison-la-Romaine

To første vekene i august var det i år som i fjor, og 27 år før det, tid for årets vakraste eventyr: Turné med Norges Ungdomskor. Koret som samlar Noregs beste korsangarar mellom 16 og 26 år tok i år turen til Catalonia og Frankrike for å vise fram tradisjonsrik og moderne, norsk kormusikk (og nokre andre innslag), og ikkje minst samarbeide med andre nasjonalungdomskor frå Frankrike, Italia og Catalonia.

Cor Jove Nacional de Catalunya i den lokale konsertsalen i Vila-Seca, Catalonia.

Cor Jove Nacional de Catalunya i den lokale konsertsalen i Vila-Seca, Catalonia.

Første stans på reisa, ein kjapp busstur frå flyplassen i Barcelona, var den vesle byen Vila-Seca, der vi fekk vårt første møte med det katalanske nasjonalungdomskoret, og gode plassar på deira konsert i det lokale konserthuset.

Den moderne og velbygde konsertsalen, som er tilknyta det lokale musikkonservatoriet, blei også lokalet for våre øvingar dei neste par dagane, som blei avslutta med tapas og anna velsmakande mat (sjølv om døgeret med blekksprut 3 gangar blei i meste laget) på ein hyggjeleg nabolagsrestaurant.

IMG_0825

Norges Ungdomskor i katedralen i Vilafranca del Penedés.

Saman med det katalanske koret inviterte vi også til konsert i ein anna by i distriktet, Vilafranca del Penedés. Ein vakker, gamal by, med ein vakker, stilrein gotisk katedral.

Etter nokre dagar i Catalonia gjekk turen vidare til årets turné sin hovudattraksjon; den tradisjonsrike festivalen Choralies, som har blitt organisert 22 gangar dei siste 60 åra i den vakre, Provanske, landsbyen Vaison-la-Romaine.

Festivalen er allereie historisk. og samlar over 5000 korsangarar i ein by med om lang 6000 fastbuande. I tillegg er byen i seg sjølv gamal og historisk, med ein velbevart middelalderbydel og romerske ruinar fleire stadar.

IMG_1017

Norges Ungdomskor i ei historisk kyrkje (med flaggermus) i Vaison-la-Romaine sin middelalderbydel.

Det er inspirerande med så mykje samhald, sang og musikk i pittoreske omgjevnadar. Prikken over i-en var det inntakte romerske amfiet som kunne samle alle festivaldeltakarane for eit variert konsertprogram kvar kveld.

I Vaison slo nasjonalungdomskora frå Norge og Catalonia seg saman med tilsvarande kor frå Frankrike og Italia og byrja øvingane fram mot ei storslagen framføring av Vaughan Williams sin A Sea Symphony i det same amfiet på festivalens nest siste dag.

Før vi kom så langt i programmet skulle vi rekke å ha eigne øvingar og framføre tre konsertar sjølve. Den første var i ei lita, gamal og historisk kyrkje i byens middelalderbydel, der flaggermus svirra mellom dei lett falleferdige veggane. Ei unik atmosfære!

Same kveld blei vi bussa nokre timar innover dei provanske fjella til Montbrun Les Bains, der nok ei lita, vakker (og hakket meir velhaldt) kyrkje stod for tur. Under kan de sjå video av konsertens første innslag, “Bruremarsj” av Joachim Knoph, arrangert av Idunn Vindspoll.

Etter nok ein konsert i Vaison-la-Romains nyare katedral og ei storslagen avslutting på festivalens hovudscene med dei andre nasjonalungdomskora nemnt over, var det stas å vende heimover. Turnéen blei avslutta med konsertar i Gjøvik kirke og, tradisjonen tru, Oslo domkirke. Begge kirker blei godt fylte og Norges Ungdomskor nytta høvet til å samle inn

pengar til Ung i Kors Barn Synger-prosjekt, som skapar kortilbud for born i område med låg inntekt, i tillegg til sangaktivitet på asylmottak med meir.

Norges Ungdomskor er takksame for oppmøte og givarvilja frå publikum i både Oslo og Gjøvik. I Gjøvik var det også stas å få vise oss fram på heimebana til eminente dirigent dei to siste åra, Marit Tøndel Bodsberg, som med konsertane i Gjøvik og Oslo takka for seg. Marit vil bli høgt sakna!

Marit Tøndel Bodsberg i sitt ess, her i den lokale katedralen i Vaison-la-Romaine.

Marit Tøndel Bodsberg i sitt ess, her i den lokale katedralen i Vaison-la-Romaine.

Årets sangarar fekk framføre eit svært variert program, frå J.S Bachs “Singet dem Herrn” og “Våren” av Edvard Grieg til moderne komposisjonar som “Lovesongs” av Torbjørn Dyrud. Nokre innslag frå utanfor Noreg var det òg, som “Daemon irrepit callidus” av György Orbán.

Alle sider ved repertoaret har sine kvalitetar, men eit av innslaga som stod seg ut i år og utvikla seg til eit høgdepunkt på konsertane var Per Nørgårds “Halleluja – vor Gud er forrykt!”. Nørgård hadde sjølv ei historie med psykisk sjukdom, og har eit humoristisk perspektiv (med klåre, alvorlege og djupe undertonar) på dette i komposisjonen. Sjå sjølv korleis Norges Ungdomskor formidla dette i Oslo domkirke:

 Følg med Norges Ungdomskor på Facebook for fleire bilete og minner frå turnéen i vekene som kjem.

Vil du vere med?

Neste år har koret 30-årsjubileum og feirar med besøk til Royal Albert Hall i London i påska og norgesturné om sommaren. Ung i Kor vil snart publisere informasjon om påmelding til neste års prosjekt. Du kan kontakte oss allereie no på nuk@ungikor.no for å melde di interesse.

Bli med denne gjengen til London og på norgesturné!

Bli med denne gjengen til London og på norgesturné!

Comments are closed.