Tono – difor treng norske tonesetjarar deg!

Kvifor er det så mykje snakk om TONO? Kva er eigentleg TONO? Påverkar dette her med TONO meg i det heile, og er det no verkeleg så viktig med desse rapportane?

Her kjem ein liten blogg frå Ung i Kor, der me freistar å svare på nokre av dei vanlegaste spørsmåla om TONO.

Kva gjer TONO?

TONO er eit slags samvirkelag, som er eigd og blir drive av norske tonesetjarar. Saman driv dei eit selskap som har som oppgåve å ta vare på rettane til norske opphavarar. I praksis tyder det at dei ser til at dei får godtgjersle når nokon framfører musikken dei har skrive.

Norsk og internasjonal opphavsrettslov gjev skaparane einerett på framføring av verka deira. For å gjere det mindre komplisert å finne rett person å søkje om løyve til framføring, har dei samordna dette, slik at all kontakt går gjennom TONO. Altså treng ingen å søkje opp kvar einskild opphavar. Sidan TONO også har eit utstrekt samarbeid med internasjonale systerorganisasjonar, gjer det å ha avtale med TONO, at du lovleg kan framføre musikk frå så å seie heile verda.

Korleis får me rett til å framføre denne musikken?

For å få rett til framføring treng du ein avtale med TONO. Korleis avtalen ser ut, er ikkje kopla til mengda musikk du framfører. Ein kan sjå det litt som ein avtale på Spotify eller Netflix, ein betaler ein fast sum, og så kan ein sjølv velje om ein vil bruke abonnementet ein time i månaden, eller femti timar i veka. Har de tilgang til TONO-katalogen, kan de velje å syngje så mykje eller lite som de berre vil!

Dette høyrest dyrt ut. Er det dyrt?

Nei. Faktum er at du allereie har hatt TONO-avtale i kvart minutt du har vore medlem i Ung i Kor. Me på Ung i Kor betaler denne avtalen for dykk, gjennom medlemsavgiften i Ung i Kor.

Det er sjølvsagt mogeleg å ikkje vere medlem i Ung i Kor, og ordne TONO-avtalen separat. Til samanlikning kostar det i så fall ein prosentdel av billettinntektene for kvar konsert. Denne delen varierer. Ein konsert med 10.000 i billettinntekt kostar i så fall 10% av inntektene, medan ein konsert med 75.000 i billettinntekt berre kostar 4% av inntektene. Prisen kan også bli påverka av kor mange tilhøyrarar som kjem. Me meiner altså at det er ein svært gunstig avtale ein får gjennom å vere med i Ung i Kor!

Det er også ein annan skilnad på å vere medlem og ikkje. Gjennom Ung i Kor kan de syngje fyrst, og rapportere etterpå. Om de ikkje har den sentrale avtalen gjennom Ung i Kor, må de rapportere på førehand.

Er det noko me må gjere for å oppfylle avtalen?

Ja, det er det! Som medlemmar i Ung i Kor treng de ikkje å betale noko, men det er like fullt avgjerande at koret oppfyller plikten sin, nemleg å rapportere. Gjennom å sende inn ei liste over kva musikk som har vorte framført, ser koret til at pengane går vidare til rett opphavar. Å få eit rettvist tal på kor mange gonger ulike songar har vorte framførte, er nemleg den einaste måten me kan sjå til at norske (og utanlandske) tonesetjarar får pengane dei har rett på.

Å rapportere er faktisk ganske lett. Du finn fram til eit skjema som heiter Musikkrapport (Last ned skjema for rapportering) på heimesidene til TONO, fyller i, sender inn – og vipps er det klart! Hugs berre at rapporteringa skal gjennomførast same kalenderår som konserten vart gjennomført.

I dag er det for få av medlemskora til Ung i Kor som rapporterer godt nok, noko som tyder at norske tonesetjarar som skriv for barnekor faktisk ikkje får den økonomiske godtgjersla dei fortener. Kan du hjelpe oss?

 

Comments are closed.