Song for ei betre framtid

Mzansi Youth Choir starta som eit privat initiert velferdstiltak for vanskelegstilt ungdom i
Johannesburg. I dag er det eit show-kor som reiser verda rundt. Tidlegare informasjonskonsulent i
Ung i Kor, Olav Øyehaug Opsvik, vitja grunnleggjaren og den kunstnarlege leiaren for ein dag i
Soweto.

Les også: Rapport frå VM i Kor

Det koret som gjorde aller sterkast inntrykk på meg under World Choir Games 2018, som gjekk føre seg i Pretoria i Sør-Afrika, var Mzansi Youth Choir frå Soweto. Første møtet mitt med koret var likevel ikkje her, men som tilsett i Ung i Kor på reise med Norges Ungdomskor i London i 2017. I samband med to konsertar i Royal Albert Hall og Royal Festival Hall fekk Norges Ungdomskor bli kjende med andre, dyktige korsongarar frå heile verda, og eit av dei som sette sterkast spor var mest truleg koret frå Soweto.

Dr. Jannie Zaaiman. Foto: Sunniva Redse Mjaaseth

I høve mitt besøk til Sør-Afrika tok eg difor kontakt med Dr. Jannie Zaaiman, som i si tid grunnla prosjektet og framleis er dagleg leiar for koret i dag. Sidan ungdommane var svært opptekne mellom deltaking i verdsmeisterskapen og to komande oppdrag i samband med Barack Obama si vitjing til landet, blei det også Zaaiman og den musikalske leiaren, James Bassingthwaighte, eg måtte ta til takke med for å lære meir om koret

– Har du nokon gong vore i Soweto?
Det var spørsmålet som møtte meg i innboksa då Zaaiman svarte på min førespurnad om eit møte. Han hadde ei historie å fortelje, og sjølve koraktiviteten blei kanskje sekundær i den samanhengen. Soleis endte det opp med ein dag i Soweto med Jannie og James. Dei tok oss med til Mandela House, museet som ein gong var Nelson Mandela sin heim. Det er forresten i same gata som Desmond Tutu også heldt til i Soweto i si tid. Derifrå gjekk det vidare til Hector Pieterson-museet, oppkalla etter den unge guten som blei drepen i Soweto-opprøret i 1976. Etter det måtte vi også innom den enorme Regina Mundi-kyrkja som også er ein sentral del av forteljinga om den mørke dagen i ’76.

Før vi runda av med ei litt for kort vitjing til Apartheid-museet ville Zaaiman også vise oss det
moderne og fargerike Soweto Theatre, som stod ferdig så seint som i 2012.

Kva ville han med alt dette?

– Det er dette det handlar om!, sa Zaaiman. Mzansi Youth Choir er for ungdomen i Soweto, og
målet skal vere at dei her får fortelje si historie, forklarte han. Soweto er kanskje den mest kjende
township-en i Sør-Afrika, med ei komplisert, mørk og samtidig inspirerande historie. Det er nettopp
lyspunkta mellom alt det forferdelege som har gått føre seg som skapar det siste. Nelson Mandela
var her. Dei har eit nytt, aktivt konsert- og teaterhus, og dessutan har dei Msanzi Youth Choir.

Foto: Mzansi Youth Choir

– Alt du treng i livet kan du lære i eit kor
Koret Zaaiman starta i 2003 var eit svar på eit veldig konkret og brutalt problem. Seint ein kveld
skulle han og familien svinge seg ut og gjennom nokre mørke og trange gater i Johannesburg då dei
blei sperra inne mellom to bilar framføre og bak, og unge gutar, mest truleg ikkje eldre enn 15-16
år, truga dei med pistol og stakk av med bilen og alt som låg der. Ingen kom til skade, men med små
born i bilen var det ei brutal og skremmande oppleving.

Det skjer mange tusen slike biltjuveri i Sør-Afrika kvart år, noko som kanskje mest av alt er eit
symptom på kor store skilnader og kor enormt mykje fattigdom der framleis er. Etter den
skremmande opplevinga tenkte Zaaiman og partneren hans: “Kva kan vi gjere for desse
ungdommane”. Svaret blei Mzansi Youth Choir.

Dei hadde sjølv born i kor og hadde sett kor mykje dei lærte av dette og kor viktig det var for dei. –
Alt du treng i livet kan du lære i eit kor, sa Zaaiman til oss i bilen mellom alle musea, og viste til
sjølvdisiplin, samarbeid og samhandling, organisering og dedikasjon til noko større enn seg sjølv,
som noko av det dei vil at ungdommane skal lære.

Foto: Mzansi Youth Choir

– I dag har vi over 300 søkarar kvart år og på det meste kanskje 20 ledige plassar. For desse
ungdommane er dette ei moglegheit til å lære noko ein ikkje kan finne i vanleg skulegang. I tillegg
vert det ein arena for å utfalde seg, og når dei fyller 25 og er ferdige i koret tek dei med seg hjelp til
CV-en og attestar frå oss som organiserer det heile, forklarte han.

Forteljinga om Soweto
Med omsyn til oppslutting og ein del sosiale ringverknader må ein vel seie at prosjektet til Zaaiman
har vore ein suksess. Men korleis fungerer det kunstnarleg? Då dei 40 norske ungdommane i
Norges Ungdomskor og ein fullsett Royal Albert Hall fekk oppleve koret i 2017 var det store
finalenummeret “Circle of Life” frå Løvenes konge.

– Det var kanskje ikkje eit veldig originalt repertoarval for eit sør-afrikansk kor?, spurte eg, og fekk
svar frå musikalsk leiar Bassingthwaighte.

– Den viktigaste inntektskilda til koret er oppdrag hos private bedrifter. I slike samanhengar er det
nettopp musikk som til dømes “Circle of Life” som er venta av eit kor med svart ungdom, fortalte
han. – Men i 2018 er vi i gang med eit omfattande skifte i det kunstnarlege. Vi skal fortelje historia
om Soweto. Ei forteljing ungdommane kan vere stolte av, heldt han fram.

Mzansi Youth Choir. Foto: Mzansi Youth Choir

Ein del av dette skiftet dreiar seg også om eit større fokus på koreografi og dramatisering. – I dag
har vi eit 50/50 fokus på song og show, forklarte Bassingthwaighte. Det forklarar også kvifor han
sjølv har redusert si rolle. Denne kordirigenten kan du ikkje finne på scena. – Eg ville ganske enkelt
ikkje vere den kvite mannen som stal merksemda til publikum bort frå desse fantastiske
ungdommane, sa han.

Høge ambisjonar
I byrjinga hadde Zaaiman store utfordringar med drifta av koret, både praktisk og økonomisk. Etter
det første songoppdraget i 2003, ganske langt frå Soweto, innsåg han og kona hans plutseleg at
ingen av desse ungdommane hadde ressursar til å kome seg heim sjølve, eller foreldre som kunne
hente dei. Slik endte dei opp med å køyre skytteltrafikk til Soweto gjennom heile natta. Det var ein
av de tidlegaste lærepengane. I lang tid kosta dei alle utgifter til koret frå eiga lomme.

I dag har koret inntekt frå oppdrag og ein del støtte frå det nasjonale lotterifondet. Men utgiftene er
framleis store. Ungdommane får mat og drikke på alle øvingar, og må også få både kostymer og
kvardagskle til reiser frå organisasjonen. – Det seier seg kanskje sjølv, men det er svært kostbart å
drifte eit aktivt kor for vanskelegstilt ungdom, sa Zaaiman.

Den største utfordringa i dag er likevel å finne lokale til dei to øvingane kvar veke. I Soweto er der
lite som har riktige tilhøve, og etter mange år med mykje uro og opptøyer på universitet i Sør-
Afrika er det ikkje lengre trygt nok å nytte lokala ved Universitetet i Johannesburg.

Svaret på slike store utfordringar er tilsvarande høge ambisjonar. – Vi treng 20 millionar rand (om
lag 11 millionar kroner, journ,anm.) til eit eige bygg i Soweto, fortalte Zaaiman. Koret har allereie
to bussar og fleire tilsette. Men kvifor skal ein stoppe der?

Les også: Rapport frå VM i Kor

Olav Øyehaug Opsvik er tidlegare informasjonskonsulent for Ung i Kor. Han har besøkt World
Choir Games i Sør-Afrika med støtte frå Voksenopplæringsforbundet og har skrive to innlegg om
dette til Ung i Kor sin blogg. Opsvik er i dag programansvarleg for Ivar Aasen-tunet og Dei
nynorske festspela.

1Pingbacks & Trackbacks on Song for ei betre framtid

  1. […] Der var iallfall ingen andre kor under World Choir Games som gjorde så sterkt inntrykk for meg som Mzansi Youth Choir, sjølv om dei ikkje passa inn i dei kunstige rammene for verdsmeisterskapet. Forteljinga om dette koret kan du lese meir om her. […]