Sommersanguka – sommarens høgdepunkt!

Sommersanguka i Midt fyller 10 år!

Noko av det beste på heile Ung i Kor-året er når det endeleg er tid for Sommersanguke. Gjennom åra er det mange hundre barn og ungdommar som har vore på dei ulike arrangementa rundt om i landet, og som få andre ting gjer Sommersanguka det mogeleg å faktisk få drive med det ein likar best i ei heil veke. Så ikkje berre er det eit fantastisk tilfelle å ha det artig med musikk og få nye vener, men også for å få lære seg masse nytt!

Sommarsanguka er eit tilbod som regionsledda i Ung i Kor arrangerer lokalt, men alle sommersangukene er opne både for medlemmar og ikkje-medlemmar i Ung i Kor – kvar dei enn bur i landet. Dei fleste sommersangukene er opne for songarar mellom 11 og 19, med nokre lokale variasjonar, og har tilpassa opplegg for dei ulike aldersgruppene. 

I 2019 er det Sommersanguke på fire ulike plassar i landet, i tillegg til eit sommerakademi, som er nytt av 2018.

I Nord går Sommersanguka i Tromsø, 21.-26. juni, og i år blir ho heilt spesiell. Instruktørar er nemleg Benedicte og Anja frå vokalgruppa Pitsj, som skal køyre eit spesiallaga opplegg for alle deltakarar. I tillegg vil veka bli avslutta med at deltakarane held konsert saman med Pitsj i Tromsø!

I Midt er tema for i år Celebration – Sommersanguka i Midt fyller 10 år! I år er arrangementet på Torshus folkehøgskule i Orkdal, 5.-9. august, og på jubileumsåret har dei med seg nokre av dei beste instruktørane frå tidlegare år. Alle som er med kjem også til å kunne velje eit fordjupingsfag dei får jobbe ekstra med under veka. 

Den tradisjonsrike Sommersanguka for Oslo og SørØst er som vanleg på Toneheim folkehøgskule utanfor Hamar, 24.-29. juni. Også her vil ein kunne få velje å fordjupe seg i noko av det ein likar aller best, i tillegg til å få nyttig teoriopplæring og masse sosiale aktivitetar. Sidan veka også er for songarar frå Oslo, vil det bli organisert felles busstransport frå Oslo S for alle som skal vere med. 

I Hamar satsar dei også ekstra på songarar som vil prøve på dirigering, og køyrer for andre året eit dirigeringskurs parallelt med Sommersanguka. Kurset vil bli tilpasse alle nivå, også ned til totale nybyrjarar.

I Ung i Kor Vest blir Sommersanguka arrangert på Kongshaug musikkgymnas, 6.-10. august. Også i Vest vil det vere mogeleg å gå eit dirigeringskurs under veka, med den meriterte instruktøren Tore Kloster. Som instruktørar på kurset har me også mellom anna Thea Meidell Sjule og Sigrun Jørdre.

Vårt nyaste tilskot av sommaraktivitetar er Det norske Jentekor Sommerakademi, som blir arrangert i samarbeid med Ung i Kor. Kurset føregår i Oslo, 12.-15. august, og høver for dedikerte songarar mellom 12 og 18 år.  Deltakarane får høve til å jobbe med både song, dirigering, høyrelære, musikkteori og scenisk arbeid, alt på eit høgt nivå.

Er det noko du lurer på om Sommersanguka? Ta kontakt med oss i Ung i Kor gjennom regionkonsulenten i regionen det gjeld!

Comments are closed.