Sing Me In i Oslo!

Ung i Kor arrangerer seminar om inkludering av barn og unge med migrantbakgrunn i kor 14. september, 10.00.

Ung i Kor er stolte deltakarar i prosjektet Sing Me In, som har hatt som mål å samle inn informasjon om korleis samsong har vorte brukt som ein måte å integrere unge med migrantbakgrunn. Prosjektet blir no avslutta med publisering av tre ulike handbøker, som har vorte samanstelt på bakgrunn av innsamla data og intervjuar med folk på feltet. Handbøkene handlar om å arrangere song med flyktningar, om å integrere migrantar i eksisterande kor, og om å bruke song for å integrere i eit skulemiljø.

Som ein del av dette arrangerer Ung i Kor no seminar, der dei nyutgjevne handbøkene vil bli presenterte. Me vil mellom anna ha presentasjonar frå Marius Solevågseide, som skal tale om song på asylmottak, og Anne Haugland Balsnes, som skal fortelje om forskinga si og “gjestfri korsong.” Kanskje me også får vitjing av eit kor?

Seminaret vil føregå 14. september på Popsenteret i Oslo, Trondheimsveien 2, 10.00-14.00. Deltaking kostar 200,- og då inngår lunsj.

Handbøkene frå prosjektet vil finnast tilgjengeleg for gratis utdeling.

Meld deg på her! https://www.deltager.no/sing_me_in_-_korsang_som_inkludering_14092018

 

 

Comments are closed.