Rapport frå VM for kor

Tidlegare informasjonskonsulent i Ung i Kor, Olav Øyehaug Opsvik, har besøkt World Choir Games
i Pretoria, Sør-Afrika, med støtte frå Voksenopplæringsforbundet. Det koret som gjorde størst
inntrykk passa ikkje heilt inn i rammene til konkurransen.

Les også: Song for ei betre framtid

“Man kan inte tävla i musik!”, seier Daniel Daréus, kordirigenten spelt av Michael Nyqvist i den ein
gang svært populære korfilmen Så som i himmelen. Kva som vert konklusjonen når den forteljinga
får spele seg ut hugsar eg ikkje, men eg høyrer utbrotet til dirigenten i hovudet mitt kvar gong eg ser
eller høyrer om ei konkurranse i ei eller anna form.

I nyare tid her heime er det kanskje noko ein i større grad assosierer med korps og janitsjar enn kor,
men vi har iallfall NM for kor, og dessutan er det ei nærast årleg affære at Interkultur,
organisasjonen bak dei fleste store, internasjonale konkurranser for kor, rangerer norske kor heilt i
toppsjiktet i verda. I år er det til dømes Kvindelige studenters sangforening i Oslo som toppar
organisasjonen si globale rangering av damekor, tett fulgt av Cantus frå Trondheim.

Foto: Mzansi Youth Choir

Eg blir både glad og litt stolt når eg ser norske kor på slike lister, men høyrer likevel utbrotet til
Daréus runge i hovudet like etter. Eg klarar aldri heilt forstå kva desse konkurransene er gode for,
og poengsystem kombinert med relativt stramme sjanger-rammer stemmer ikkje med mitt forhold
til kunst og musikk. Difor var det med ein viss ambivalens eg besøkte det som ein skulle tru er den
gjevaste konkurransen av alle, nemleg World Choir Games, i Pretoria i Sør-Afrika sommaren som
var.

Mylder og samansurium
Konkurransen i Pretoria strekte seg over nesten to veker, og eg hadde ikkje tid til å få med meg alt.
Det er heller ikkje ei hending som er laga for publikumarar som går frå det eine til det andre i
dagesvis. World Choir Games er meir ei konkurranse enn ein festival for kulturopplevingar.
Kva får ein eigentleg når ein samlar amatørkor frå alle verdshjørne under kategoriar som scenic
folklore, musica contemporanea og pop? Eit mylder av merkelege og artige kulturkollisjonar, og eit
samansurium av ulike sjangerforståingar. Kvalitetsmessig vert det naturlegvis enorm variasjon, men
dei ulike tolkingane av kva slike ulike sjangeromgrep skal romme er eit studie verdt i seg sjølv, og
inn i mellom er der naturlegvis også store musikalske opplevingar.

Kontrastane var kanskje aller størst den kvelden vi skulle høyre fem ulike kor i kategorien gospel.
Gospel er ein rar sjanger både innanfor og utanfor konkurranse. Der er lite musikk som er like
openbart framandgjort når det blir fjerna frå sine naturlege omgjevnader. Denne kvelden var der to
store, tyske kor som gjennomførte det heile med stor iver, men då det eine gjekk for
akkompagnement spelt inn på førehand og spelt av med elendig lydkvalitet var vi langt inne i det
surrealistiske.

Kinesisk damekor. Foto: Sunniva Redse Mjaaseth

Trur dei verkeleg det er mogleg å skape god gospelmusikk utan eit levande akkompagnement?
Like overraskande og rart var det kanskje å oppleve det krutsterke indonesiske koret i nett denne
kategorien, men dei bar kanskje igjen preg av å i for stor grad imitere og karikere det generelle
biletet vi har av denne musikken frå amerikanske kyrkjer. Det blir for openbart at dette ikkje er
deira musikk.

Ektefølt historieforteljing
Apropos kulturell appropriasjon var det også nærast perverst å sjå eit kritkvitt sør-afrikansk kor
prøve å levere sin stive og firkanta variant av denne musikken, som i så stor grad høyrer heime hos
kyrkjene dominert av svarte amerikanarar, der nettopp dynamiske og elastiske rammer, med rom for
spontanitet og individuelle bidrag er sentrale element.

Det må naturlegvis vere lov å ta føre seg “andre” sin musikk, men svært mange av kora som deltok i
silke i kategoriar definert av så spesifike sjanger-rammer hadde gjort seg lite flid med å tenkje over
kva som er dei grunnleggande elementa. Dei lyt spørje seg: Kva er poenget med denne musikken?
Eg vil tru det er slike spørsmål som har vore bakgrunnen for dei minutta Mzansi Youth Choir
leverte til denne økta med såkalla gospelmusikk. Dette sør-afrikanske koret har base i Soweto og er
eit gratis tilbod (med strenge opptaksprøver) for vanskelegstilt ungdom i Johannesburg. Dei har
gjort seg merka over heile landet, og til dels også i utlandet, og eg merka meg at dei tilsette i
konserthuset sneik seg inn i salen for å høyre på då dette koret blei introdusert til slutt.

Foto: Mzansi Youth Choir

Mzansi-koret leverte om lag femten minutt som var meir som ei teaterframsyning enn ein vanleg
konsert, med nøye planlagt koreografi og dramatisering med karakterar som prestar, politifolk og
andre. Her såg ein glimt av gudstenester, feiring og fest, men også glimt av Soweto-opprøret i 1976.
Ungdomane på scena gjennomførte det heile utan dirigent, men likevel i tett samspel med kvarandre
og bandet dei hadde med seg. Kvalitetsmessig var det heilt klart det koret som sang reinast og best,
og som fungerte best i lag denne kvelden, men mest av alt var det ektefølt historieforteljing og eit
kor som ville noko utan å naudsynleg passe best inn i kunstige sjanger-rammer.

Sølvmedalje
Men var musikken Mzansi Youth Choir framførte gospelmusikk? Der var heilt klart element av
gospel, men det var ikkje ein rein gospelkonsert. Det var noko heilt anna enn alt anna, og ein kan
kanskje spør seg kvifor dei hadde meldt seg på i nett denne kategorien. Ei stund seinare skulle eg få
vite at det var arrangøren sjølve som hadde plassert dei der etter ei såkalla open prøve for å delta i
konkurransen.

Likevel var det nok sjangertolkinga, eller mangelen på denne, som gjorde at dei eit par dagar
seinare kun fekk tildelt sølvmedalje,og soleis aldri fekk tittelen “champion” – sjølv om dei fekk
førsteplass i denne kategorien.

Kor mykje betyr ein slik tittel? Kor mykje betyr ei slik konkurranse i det heile? Dei norske kora
kjem kanskje noko lengre i ulike søknadprosessar når dei kan vise til at dei er rangert som aller best
i heile verda, men utover det er det vel det viktigaste at folk som høyrer på faktisk likar musikken,
og at dei som syng får gjennomføre noko dei står for og brenn for?

Der var iallfall ingen andre kor under World Choir Games som gjorde så sterkt inntrykk for meg
som Mzansi Youth Choir, sjølv om dei ikkje passa inn i dei kunstige rammene for
verdsmeisterskapet. Forteljinga om dette koret kan du lese her: Song for ei betre framtid.

Olav Øyehaug Opsvik er tidlegare informasjonskonsulent for Ung i Kor. Han har besøkt World
Choir Games i Sør-Afrika med støtte frå Voksenopplæringsforbundet og har skrive to innlegg om
dette til Ung i Kor sin blogg. Opsvik er i dag programansvarleg for Ivar Aasen-tunet og Dei
nynorske festspela.

1Pingbacks & Trackbacks on Rapport frå VM for kor

  1. […] koret som gjorde aller sterkast inntrykk på meg under World Choir Games 2018 (les: Rapport frå VM for kor), som gjekk føre seg i Pretoria i Sør-Afrika, var Mzansi Youth Choir frå Soweto. Første møtet […]