Rapport frå korleiarkonferanse i Trondheim

Helga i veke 40, 5.-7. oktober, var det endeleg tid for noko mange har gleda seg til, nemleg Nordisk Korlederkonferanse i Trondheim. Konferansen vart arrangert i regi av FONOKO, foreningen norske kordirigenter, på det herlege hotellet Scandic Nidelven. Hotellet er kjent for sine fantastiske buffear, så det var ingen som gjekk derifrå svolten – korkje på kulinarisk eller fagleg påfyll. 

Konferansen var spekka av både arbeidsverkstader, presentasjonar og repertoarseminar, der temaa var alt frå konsertpresentasjon og tilhøvet mellom handskrift og fyrsteutgåve, til nye og spanande arbeidsmetoar innan rytmisk musikk. I tillegg er konferansen for mange eit godt høve for å få treffe kollegaer i ein elles einsam arbeidskvardag. For oss i Ung i Kor var det særskilt hyggjeleg å sjå mange av Noregs profilerte barne- og ungdomskordirigentar samla på ein stad!

Norges Ungdomskor og Det norske Solistkor. Foto: Ingvar Örn Thrastarson

 

På kveldane var det konsertar, der vårt eige Norges Ungdomskor var ein av artistane. Prosjektet denne helga var det siste med dirigenten Yuval Weinberg, som dimed satte punkt for to års arbeid med NUK. Denne helga samarbeidet koret med Det norske Solistkor, og gjorde to glimrande konsertar i Vår Frue kirke i Trondheim og Kimen kulturhus i Stjørdal. I tillegg til eige repertoar, samarbeida kora om mellom anna Fest- und Gedenksprüche av Brahms og – det som ifylgje mange var det store høgdepunktet – Der Abend av Strauss. Takk til Yuval Weinberg for fantastisk arbeid under to år, og takk til våre utruleg talentfulle songarar! No ventar eit spanande 2019 med ny dirigent for NUK. Fylg med på http://www.norgesungdomskor.no!

I tillegg til dette var Ung i Kor også representerte andre stader på konferansen. Dagleg leiar Victoria Liedbergius presenterte samarbeidet Koralliansen, som er ein samarbeidsorganisasjon for norske kororganisasjonar. Der er mellom anna Ung i Kor og vertskapet i FONOKO med. Samarbeidet har gjeve gode resultat for kormiljøet i Noreg, og dette var noko som vart motteke med stor interesse frå svenske og danske kollegaer.

Daniel er klar for å svare på spørsmål.

 

Medlemsansvarleg Daniel Zakarias von Gertten var også til stades for å fortelje om verksemda vår, og særleg om prosjektet Sing Me In. Sing Me In er eit stort europeisk samarbeidsprosjekt for å samle inn og spreie informasjon om korleis ein kan drive integrering og inkludering gjennom song. Mellom anna har prosjektet framstilt fire ulike handbøker med både praktiske råd og repertoar for dirigentar som er interesserte av tematikken. Desse er no også omsette til norsk, og vart delte ut til interesserte deltakarar på konferansen. Vil du vite meir om prosjektet? Sjå heimesida http://www.singmein.eu

Konferansar, kurshelger og samlingar er fantastiske høve til å samle det norske korfeltet, for å dele røynsler, få nye kontaktar og nye idéar. Ung i Kor takkar FONOKO for denne gongen, og ser sjølve fram til vår eigen dirigentsamling i Stjørdal, 11.-13. januar 2019. Då er det som alltid fokus på arbeid med barne- og ungdomskor. Les meir om våre spanande kurs her!

Stjørdal neste!

 

Comments are closed.