Nybakt styre med høge ambisjonar

Helga 1.-3. september hadde Ung i Kor sitt nye sentralstyre, samt tilsette i sentralleddet, møtehelg på Sørmarka konferansesenter. Det nye styre møttest for andre gong etter landsmøtet i april, og sparka for alvor i gang arbeidet med satsingsområda i arbeidsprogrammet som blei vedteke der.

Nytt styre i Ung i Kor. F.v: Henrik Sand Dagfinrud, Tore Kloster, styreleiar Inga Sandve, nestleiar Lisa Ingdal, Sofie Hofseth og Sigmund Bjørnhaug.

Det var 21.-23. april landsmøtet for Ung i Kor 2017 blei gjennomført. Derifrå gjekk tillitsvalde, tilsette og andre medlemmar med eit nytt, friskt arbeidsprogram og ikkje minst eit nybakt styre. 1.-3. september hadde dette styret si andre samling etter landsmøtet og sette for alvor i gang med dei fire satsingsområda som blei vedteke for styreperioda 2017-2019.

I det vedteke arbeidsprogrammet (sjå lenkje til dette her (.pdf)) for 2017-2019 er det satsingsområda “Korsanger”, “Dirigent”, “Komponist” og “Organisasjon” som utmerkar seg. Soleis har landsmøtet vedteke ei satsing som skal vise omsyn til heile økosystemet som omfavnar virket til Ung i Kor som organisasjon.

Styremøte ved Sørmarka konferansehotell.

Under dei einskilde satsingsområda er der fleire konkrete tiltak og prosjekt som er representert, og som det nye styret, saman med administrasjonen, vil gå gjennom grundig i tida som kjem. Dette gjeld prosjekt som t.d. Norges Ungdomskor, Barn Synger og opplæringsprogrammet for unge medlemmar, UKO.

I tillegg til eit blikk på nye og gamle prosjekt, vil det nye styret, med styreleiar Inga Sandve i spissen, også ta føre seg ein full gjennomgang av organisasjonen. I ei tid med stadig meir uføreseielege rammeverk for drift, der frivillige organisasjonar i stor grad halsar etter kortsiktige prosjektmidlar, er det alltid relevant å vurdere og evaluere korleis vi organiserer oss.

På styremøtet, som blei heldt ved Sørmarka konferansehotell i Enebakk, gjekk det nye styret friskt i gang med arbeidet knyta til alle desse satsingsområda, og Ung i Kor sine medlemmar og følgarar har mykje spennande i vente dei neste to åra!

Kreativ idémyldring rundt sentrale satsingsområder.

Comments are closed.