Lansering av dirigentløftet

Dei siste vekene har endeleg Dirigentløftet, ei stor felles satsing på dirigentfeltet, vorte lansert. Satsinga er initiert av Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge, der profesjonelle orkester, kor, og korps, saman med ulike organisasjonar, skular og festivalar har gått saman for å gjere Noreg til ein dirigentnasjon. Prosjektet er både ny start, og ein måte å byggje vidare på mange av dei gode initiativa og kursa som allereie finst.

Ung i Kor er deltakande partner i prosjektet, og ynskjer å bidra for å lyfte barne- og ungdomsfeltet. Både for at norske born tidleg skal få sjansen til å prøve seg på dirigering, men også for å heve statusen til dei som arbeider med born og unge, og å gjere det mogeleg for alle norske barne- og ungdomsensemble å få ha ein kvalifisert dirigent. Nett det at prosjektet tydeleg ser samanhengen mellom topp og breidd, og tek inn så mange ulike perspektiv, gjer at dette er noko me i Ung i Kor har stor tru på.

Eitt av våre årlege bidrag til dette er vår tradisjonelle kurshelg i Stjørdal, som i 2019 finn stad 11.-13. januar. Denne gongen presenterer me – i samarbeid med Ung Kirkesang og FONOKO – tre spanande temakurs med ulike innhald. Merzi Rajala skal undervise i improvisasjon i rytmisk musikk og verdsmusikk, Jostein Hasselgård skal arbeide med korleis det er å vere dirigent i eit rytmisk ungdomskor, og Grete Helle Rasmussen skal vise korleis ein kan arbeide med noteopplæring i barnekor.

Merzi Rajala, Jostein Hasselgård og Grete Helle Rasmussen.

Helga gjev eit høve for barne- og ungdomskordirigentar å delta i interessante kurs med ulike nivå og tema, og til å møtast og delta i eit fellesskap av dirigentar. Mange av deltakarane fortel at dei lærer nye ting under helga, som dei tek med rett ut i kora sine allereie veka etterpå! Vil du vite meir om kursa i Stjørdal kan du lese her!

Ung i Kor ser også fram til å utvikle fleire måtar å også gje norske born høve til å prøve på dirigering. Denne hausten skal me til dømes setje i gang ein gjeng med utprøvingstiltak for dirigentopplæring i lokale kor over heile landet. Dette er noko det vil bli veldig spanande å fylgje. Ynskjer koret ditt å vere med på eit slikt utprøvingstiltak? Ta kontakt med regionskonsulenten i din region!

Comments are closed.