Kulturalliansen er stifta

Ung i Kor er ein av dei 30 organisasjonane som måndag 5. september 2016 offisielt stifta Kulturalliansen. På nettsidene til den nye paraplyorganisasjonen for det frivillige kulturlivet i Noreg heiter det:

“Måndag 5. september vart det halde stiftingsmøte for Kulturalliansen, og 30 kulturorganisasjonar valte å stille som stiftarorganisasjonar. Med stiftinga av Kulturalliansen har dei frivillige kulturorganisasjonane fått ei eiga samanslutning som har som føremål å arbeide for å styrke kulturfrivilligheita sin posisjon og rammevilkår i samfunnet. Målet er å skape større påverknad i kulturpolitikken.

Stiftingsmøtet vedtok ein resolusjon, som fastset politikkområde for Kulturalliansen, og valte også eitinterimstyre som skal fungere fram mot det første ordinære årsmøtet, som blir halde i april 2017.”

Les meir om stiftinga og resolusjonane på Kulturalliansen sine nettsider.

Comments are closed.