Julehelsing frå Ung i Kor 2017

Ung i Kor sitt landsmøte, april 2017.

Det nærmar seg jul, og med det alle dei fine, små tradisjonane som held oss saman. For oss i sentralleddet til Ung i Kor betyr det innspurt på fleire frontar, men heldigvis også den årlege tradisjonen med juleverkstad der vi pakkar inn årets julegåve til våre medlemmar. Om lag 10 000 små gåver sendast ut til våre 300 medlemskor i desse dagar. Vi vonar dei kjem til nytte for store og små songarar!

I år følger også ein liten bonus; nemleg eit hefte med 13 svenske Luciasongar som vi har omsett til norsk. De har neppe tid eller høve til å øve inn desse til årets Luciafeiring, men vi vonar at dirigentar og andre der ute vil sjå det som ein inspirasjon til å skape ei triveleg feiring – for alle involverte – i åra som kjem. I fjor såg me fleire avisartiklar om konflikter rundt Luciafeiringar på barneskular og anna, og vi vonar at vi med dette heftet kan føre diskursen i ei konstruktiv retning.

2017 har vore eit år med store prosjekt og hendingar for Ung i Kor. Vi har hatt Landsmøte i Bodø, der eit nytt styre blei valt, i tillegg til nokre vedtak som vil skape spanande endringar i organisasjonen i tida som kjem. Ei av desse var at prosjektet Barn Synger blei vedteke som ei nasjonal satsing. Barn Synger er spydspissen for vår satsing for at absolutt alle barn og unge – heilt uavhengig av deira bakgrunn – skal ha eit kortilbod i sitt nærmiljø, og med dette landsmøtevedtaket betyr det at denne satsinga får eit enno sterkare fokus dei neste åra.

Prosjektet Tegnsang får også ein ny giv, med prosjektmidlar lagt til vårt regionledd Ung i Kor Midt. Ein første smak på denne satsinga er kurs på vår dirigentsamling i Stjørdal 12.-14. januar 2017. Tegnsang er både ein fin metode for å inkludere hørselshemma barn og unge i kor, og ikkje minst ei flott formidlingsform for alle typar sang!

Norges Ungdomskor har hatt eit fabelaktig jubileumsår i 2017. Det byrja med deltaking på den internasjonale ungdomskorfestivalen i London i påska. Der sang koret i både ærverdige Royal Albert Hall og Royal Festival Hall saman med kor frå alle verdshjørner.

I sommar blei det ein storslått Norgesturné som strekte seg frå Lofoten til Oslo. For mange av songarane var dette vel så eksotisk som dei mange utanlandsreisene dei får delta på!

På biletet til høgre ser du ryggen til dirigent Carl Høgset, som i 1987 stifta Norges Ungdomskor saman med Joar Rørmark. I oktober dirigerte Høgset igjen Norges Ungomskor, men denne gangen eit storkor med 120 både noverande og tidlegare songarar. Jubileumskonserten blei ei fabelaktig oppleving for alle involverte, som også inkluderte alle tidlegare dirigentar.

Før 5. januar kan nye songarar melde seg til Norges Ungdomskor 2018. Turen går til Hardanger musikkfest i mai, Tallinn og meir om sommaren og ei samling i Trondheim i oktober. Tips gjerne ein ung songar om denne fantastiske moglegheita!

I 2018 vert det nye tilsette her hos oss. Vi har i desse dagar utlyste stillingar som organisasjonskonsulent, informasjonskonsulent, i tillegg til at Ung i Kor Oslo og SørØst lyser ut stilling som Musikkonsulent. Alle stillingane har frist 20. desember, og vi vil gjerne ha så mange, flotte kandidatar som mogleg!

Nytt av året i 2017 er at Regjeringa bevilga midlar direkte over Statsbudsjettet til Koralliansen si dirigentsatsing. Det har resultert i kurs og mentorordningar for kordirigentar i heile landet. På neste års statsbudsjett er potten auka, og kormiljøet kan vente seg ei enno sterkare satsing.

For at alle våre aktivitetar og tiltak skal treffe best mogleg vil vi gjerne høyre meir frå dykk: våre medlemmar. Eit strålande døme på slik tilbakemelding kom i form av eit blogginnlegg som vert publisert på våre nettsider i desse dagar, frå den relativt ferske dirigenten Vibeke Ulstad Akersveen. Der blei det etterspurt større moglegheiter for foreldre og andre som tek initativ og startar kor i sitt nærmiljø. Dette er ei av våre hjertesaker, og vi vil anbefale å sjekke ut innlegget til Akersveen og tilsvaret frå vår styreleiar og dagleg leiar. Om du har noko å ta opp vil vi anbefale å ta kontakt med oss, vi er lydhøre for alle tilbakemeldingar!

Som vanleg vil vi minne om årsrapporten som skal inn 1. mars 2018. Det er gjennom denne de søker støtte om Frifond og momskompensasjon. For å gjere prosessen enklast mogleg er det veldig smart å ha medlemslistene i vårt register oppdatert før årsskiftet.

Frå alle oss i Ung i Kor: God jul!

Comments are closed.