Inga Sandve er ny styreleiar i Ung i Kor

 

Ung i Kor heldt sitt landsmøte 21.-23. april hjå Folkets hus i Bodø. Der blei det valt eit nytt sentralstyre med Inga Sandve som ny styreleiar.

Inga Sandve er ny styreleiar i Ung i Kor.

Der var lite dramatikk over Ung i Kor sitt landsmøte 2017. Medlemmar, tillitsvalde og tilsette frå heile landet gjekk gjennom perioda 2015-2017 og samla seg om planar og satsingsområde for perioda 2017-2019.

Rekruttering- og inkluderingsprosjektet Barn Synger blei vedteke som ei nasjonal satsing, og gjennom perioda skal alle regionar i organisasjonen sjå nærmare på moglegheiter for å styrke barne- og ungdomskortilbodet i heile landet.

Som vanleg blei det markert at nok eit UKO-kull har avslutta si periode under landsmøtet. UKO-kullet 2015-2017 gav ei helsing til landsmøtet, og ser fram til nye engasjement både regionalt og nasjonalt i organisasjonen. UKO-kullet 2017-2019 hadde si første samling i samband med landsmøtet, og skal lære mykje om både Ung i Kor og organisasjons- og kulturlivet i Noreg dei neste to åra.

Eit nytt sentralstyre blei valt, med Inga Sandve i spissen. Sandve har vore styremedlem i Ung i Kor i perioda 2015-2017, og har i tillegg vore styreleiar i Ung i Kor Oslo sidan . Ho har dirigert fleire barnekor i Oslo sidan 2008, og er nyleg tilsett som dagleg leiar for Foreningen norske kordirigenter, FONOKO. I tillegg blei følgande representantar valt inn til sentralstyret for perioda 2017-2019:

UKO-kullet 2015-2017 takka for seg.

  • Lisa Ingdal, nestleiar

Styremedlemmar:

  • Tore Kloster
  • Sigmund Bjørnhaug
  • Henrik Sand Dagfinrud
  • Sofie Justad Hofseth

Vararepresentantar:

  • Frida Ekerhovd
  • Ingrid R. Robinson
  • Aksel Tollåli

Flott konsert ved m.a. Nordnorsk Ungdomsmannskor i Bodø domkirke.

 

Som seg hør og bør blei landsmøtet avslutta med deltaking på ein konsert. I samband med Bodø Internasjonale Orgelfestival deltok songarar frå Nordnorsk Ungdomsmannskor på framføringa av Faurés Requiem, saman med NOSO, Bodø domkirkes guttekor, Bodø domkirkes ungdomskor og musikklinjekoret på Bodø Vgs. Det heile gjekk føre seg i Bodø domkirke. Fantastisk lyd i flotte omgjevnadar!

 

Comments are closed.