Eit samla kor-Noreg

PRESSEMELDING OM KORALLIANSEN

IMG_0365

(Oslo 18. januar 2016)  Alle kororganisasjonane i Noreg og dirigentorganisasjonen FONOKO har i dag underteikna ein samarbeidsavtale under namnet Koralliansen. Dermed har korfeltet no eit slagkraftig samarbeidsforum som representerer til saman 66 000 medlemmar.

Koralliansen er eit resultat av årelangt samarbeid mellom organisasjonane Norsk sangerforum, Norsk Sangerforbund, Norges kirkesangforbund, Ung i Kor og FONOKO – Foreningen norske kordirigenter.

Organisasjonane har stått samla gjennom ein felles samarbeidsavtale som er inngått for å fremje samarbeid og styrke den frivillige korsangen i Noreg. Frå og med i dag, då Ung kirkesang og Norges Korforbund også har signert den felles avtalen mellom organisasjonane, er samarbeidsforumet komplett.

Etter fleire års samarbeid blei namnet Koralliansen til hausten 2015, og 8. januar 2016 vart det gjennomført ein stor konferanse i Stjørdal om dirigentutvikling under leiing av tidlegare kulturminister Anne Enger, i forkant av Ung i Kor si årlege dirigentsamling.

No kan eit samla kor-Noreg arbeide vidare med felles saker og saman vere ei sterkare stemme for alle korsangarar, dirigentar og frivillige i heile landet. Korsangen er ei stor og enormt viktig rørsle i Noreg, og utsiktene for å utvikle feltet vidare til alles beste har aldri sett lysare ut!

For vidare spørsmål, kontakt Koralliansen på kor@musikk.no eller sekretariatet i kvar enkelt organisasjon.

Last ned pressemeldinga som .pdf her: Pressemelding Koralliansen 18.01.2016

Koralliansen logo

Comments are closed.