Eg gler meg til å skape! – Eirik Sørborg om å dirigere Norges Ungdomskor

Eirik Sørborg. Foto: Fuera de Campo Films.

 

Planar skal diskuterast og papirar skal skrivast på, når den nye dirigenten for Norges Ungdomskor er innom kontoret. Mellom slaga fekk nyhendebrevet nokre minutt med Eirik Sørborg, nyutnemnd dirigent til Norges Ungdomskor i perioden 2019-2020. På den korte tida rakk han å seie litt om korarbeid, om å ta over NUK – og om høns.

Gler seg til å skape

Norges Ungdomskor har sidan skipinga i 1987 sidan vore eit prosjekt for å samle unge og ambisiøse korsongarar frå heile landet, og har gjennom åra hatt 10 ulike dirigentar. Sørborg, som blir nummer 11, tek over rolla frå Yuval Weinberg, som har dirigert koret dei siste to åra.

– Det er ei stor glede. Og ei ære! Eg gler meg til å lære kjenne alle. Og eg gler meg til å skape noko saman med NUK, seier Sørborg entusiastisk.

Krav og tillit

Hønsebonde, lærar – og kordirigent. Etter studiane flytta Eirik Sørborg til Kristiansund, der han no for korinteresserte kanskje er mest kjend som dirigent for Ensemble Dalí. Koret er eit samlingsbasert vokalensemble, med songarar frå heile Midt-Noreg. Sørborg grunnla sjølv koret i 2006.

Sørborg har klåre meiningar om det å arbeide med kor. Koret, meiner han, er ein stad der alle skal få høve til å gje både det meste og det beste av seg sjølve. Han seier at det er viktig med ei god grunnstemning – “det er lov med litt humor” – men seier elles at balansen mellom krav, forventing og tillit spelar ei nykelrolle.

– Eg trur at songarane i Norges Ungdomskor ventar seg å bli stilt krav på. Dei må få vite kva som ventast av dei. Men dei som er med har også vorte utvalde gjennom prøvesong, og då fortenar dei tillit. Skal du prestere må du vere trygg.

Middel, ikkje mål

Saman med Ensemble Dalí har Sørborg etablert seg på eitt høgt nivå, nasjonalt og internasjonalt, i både konsert og konkurranse. Koret har markert seg med høge ambisjonar og godt programmerte konsertar. På programmet har det stått alt frå musikkhistoriske klassikarar til storslåtte tingingsverk.

– Det finst noko i god musikk som ein kan forløyse saman med andre, seier den tiltreande NUK-dirigenten.

Sørborg fortel at han som musikar ser seg som middel, og ikkje mål for det kunstnarlege arbeidet. Likevel trur han at ein av og til også kan finne kvalitetar i musikken som tonesetjaren sjølv kanskje ikkje hadde tenkt på. Særskilt, meiner Sørborg, kan det vere interessant å arbeide med nyskriven musikk, noko han kallar for både veldig spanande og litt fryktinngytande.

Menneskjeljoden

Som dirigent er Sørborg oppteken av at songarar også er musikarar, og seier at han ofte tykkjer at korsongaren kan bli undervurdert. I utgangspunktet meiner Sørborg elles at han ikkje er meir interessert i kormusikk enn i annan musikk, men at det er noko heilt særskilt med ljoden av menneskjerøysta. Eller menneskjeljoden, som han også seier.

– Den menneskjeljoden kan gjere noko spesielt med deg – ein kan bli heilt fjetra, seier Sørborg.

Eit ord på vegen

Den korte intervjutida er over, neste møte skal straks byrje, og eg er på veg til å reise meg for å gå. Eirik stansar meg på veg ut, og ser meg alvorleg i augo.

– Og så må du love å skrive at eg gler meg, seier han og smiler. Eg nikkar til svar.

Me på Ung i Kor gler oss, me òg, til to spanande år med Eirik Sørborg som dirigent for Norges Ungdomskor.

 

 

1Pingbacks & Trackbacks on Eg gler meg til å skape! – Eirik Sørborg om å dirigere Norges Ungdomskor

  1. […] – Det er en glede. Og en ære! Jeg gleder meg til å skape noe sammen med Norges Ungdomskor, forteller Sørborg i et intervju. […]