DIRIGENTKONFERANSE, ORGANISASJONSMØTE OG DIRIGERINGSKURS I STJØRDAL 2018

Helg i midten av januar kan i Ung i Kor si verd berre tyde ein ting: samling på Stjørdal! Under helga 12.-14. januar samla me både tillitsvalde og tilsette frå heile landet, til møte, kurs, og til mange gode samtalar om kor og musikk.

Etter å på torsdagkvelden den 11. ha tjuvstarta med førebuande møte i organisasjonen, byrja det store programmet på fredag føremiddag. I samarbeid med resten av Koralliansen vart det arrangert ein dirigeringskonferanse, der me hadde innlegg frå både høgare musikkutdanning, kulturskuler, kyrkje, og andre aktørar.

Rektor Peter Tornqust frå Noregs musikkhøgskule lyfte fram langtidsperspektivet på dirigentopplæring. Ein nyutdanna dirigent frå ei musikkutdanning i Noreg vil sannsynleg kunne vere yrkesaktiv i 50-60 år framover, samstundes plar ein seie at halveringstida for kunnskap berre er 5 år. Korleis kan ein møte denne utfordringa både i utdanninga og vidare i yrkeslivet? Tornquist presenterte både interessante spørsmål og innspel kring dette, som vart noko av eit tema for dagen. Frå høgare utdanning kom også Morten Wensberg frå Universitetet i Stavanger. Han presenterte deira satsing på digitale dirigentstudiar, noko som gav eit lærerikt døme på korleis det kan vere mogeleg å organisere dirigeringsutdanning på ulike nivå i framtida. Sidan dette så langt mest har vore retta mot orkesterdirigentar ynskte han også at kor-Norge no skulle ta del i diskusjonen om korleis dette bør leggjast opp for å høve morgondagens kordirigentar. Mellom andre interessante innlegg under dagen kan ein nemne både innspel frå kulturskulesektoren og Den norske kyrkja, om tilhøva for dirigenter i den typen av arbeidsplassar.

Rektor Peter Tornquist frå Noregs Musikkhøgskule held innlegg.

Eit svært spanande innlegg kom frå dirigent Dag Jansson, som fortalde om eit prosjekt der han freistar å kartleggje korleis kordirigent-Noreg faktisk ser ut. Kor mange dirigentar finst det? Kor mange kor dirigerer dei kvar? Kor gamle er dei – og kva type bakgrunn og utdanning har dei? Han presenterte nokre preliminære resultat, og for oss som var til stades var dette kunnskap som mange ynskte å få meir av. Å kunne arbeide med å styrke norske kordirigentar krev faktisk at ein veit kven og kvar dei er, så arbeidet til Jansson vil på den måten kunne gje eit utruleg viktig kunnskapsgrunnlag til debatten framover.

På ettermiddagen vart det ein sams diskusjon i salen om framtida til feltet, og mykje av samtalen bar preg av optimisme og samarbeidsvilje, noko me trur vil bli svært viktig for det arbeidet me må gjere vidare. Me var svært nøgde med utfallet av konferansen, og ser fram til fleire spanande møte med dei andre i Koralliansen.

På fredag ettemiddag byrja også dei ulike kursa for dirigentar på ulike nivå. 2018 gjennomførte me fire kurs, som vart arrangert av tre ulike organisasjonar. FONOKO heldt i nybyrjarkurset “Lær å dirigere på 1-2-3”, med instruktøren Bjørn Sigurd Skjelbred, Ung Kirkesang hadde kurset “Sangteknikk i barne- og ungdomskoret” med Randi Clausen Aarflot og Åshild Kyvik Bauge, og me Ung i Kor hadde kursa “Rytmisk musikk i ungdomskor” med systrene Anine Kruse Skatrud og Benedikte Kruse, og “Tegnsang” med Ellen Lundereng og Turid Skei. Eit breitt tilbod for alle som har lyst å lære seg meir om barne- og ungdomskorverksemd! Særskilt spanande var det å for fyrste gong ha kurs i teiknsong, som er eit pilotprosjekt, med ein morosam kombinasjon av song og gestikk. For oss var det også artig å sjå våre eigne UKO-studenter (Ung i Kors kurs i organisasjonsopplæring) få prøve seg fram og smake på dei ulike kursa!

Frå kurset “Sangteknikk i barne- og ungdomskoret”. Bilete frå Ung Kirkesang.

Som avslutting på kvelden var me alle saman på konsert! Anine og Benedikte er jo også ein del av den framståande vokalgruppa Pitsj, som dei hadde med seg opp til Stjørdal. I storsalen på Kimen kulturhus hadde dei så ein herleg konsert med både deira stilige arrangement av norske pop-klassikarar, og eigne vakre, nyskrivne songar. Dette var ein fin inspirasjon for oss alle som erinteresserte av vokalmusikk av ulike slag.

På laurdag heldt kursverksemda fram. Under tida hadde me regionssamlingar, styre, tilsette og sentralorganisasjonen. Me er alle saman svært motiverte for å ordne eit godt opplegg for barn og unge over heile landet i 2018! Under dagen fekk me også vitjing frå utlandet. Våre systerorganisasjonar UngiKör (Sverige) og Syng (Danmark) hadde sendt representantar, som heldt presentasjonar om deira ulike opplegg og aktivitetar. Her trur me at det finst mykje å vinne på godt utbytte av informasjon og samarbeidsvilje over grensene, og me både trur og vonar at me skal kunne finne på spanande ting saman i framtida. Finalen på laurdagkvelden var så festmiddag på hotellet, med talar, presentasjonar og ikkje minst korsong saman – det meiner me må høyre til på slike kveldar.

Vitjing frå vår danske systerorganisasjon Syng.

Sundag var avsluttingsdag for helga, og etter ein siste sams lunsj på hotellet for me alle i kvar si retning, med ny kunnskap og inspirasjon for nok eit godt korår. Om det blir samlingshelg i Stjørdal også neste år, lurer du kanskje på no? Sjølvsagt! 11.-13. januar 2019 er allereie sett av til fleire møte, kurs, og interessant og hyggjeleg opplegg for dirigentar på ulike nivå. Du kan berre setje av dagane, for kva skulle du elles finne på den helga i januar?

Greier du ikkje heilt å halde deg eit heilt år? I så fall vil me også allereie no tipse om at vår samarbeidsorganisasjon FONOKO arrangerer ein nordisk dirigentkonferanse i Trondheim 5.-7. oktober 2018, med konsertar, kortkurs og spanande arbeidsverkstader. Dette kan alle kor- og dirigeringsinteresserte berre glede seg til.

Med dette vil me takke alle samarbeidspartnarar, hotell og Kimen kulturhus for ei flott helg – me ser dykk neste år!

 

Gler du deg òg til neste år?

Comments are closed.