“Dei må kunne stole på at det du gjer er bra” – Intervju med Anna Jelstad

Anna Jelstad med Láhko Voices. Foto: Láhko Voices

 

I helga som gjekk vart ei overraska Anna Jelstad utnemnd til Årets barnekordirigent 2018 av Ung i Kor, under den tradisjonelle dirigentsamlinga i Stjørdal. Jelstad er dirigent for Láhko Voices frå Gildeskål i Nordland, som ho sjølv grunnla i 2014. Vi møtte ho dagen etter annonseringa av prisen, mellom kursavslutning og heimreise.

Korleis kjennest det å bli Årets barnekordirigent 2018?

– Det er heilt overveldande! Det kjennest fantastisk å bli sett, og få anerkjenning for det me gjer. Me vonar jo at det kan bidra med å skape interesse for det me driv med, og for den kvaliteten me vil stå for.

Fyrste gongen Jelstad freista å starte kor i Gildeskål var for 20 år sidan, men då varte det berre nokre få år. Fyrst i 2014 låg allting til rette for å prøve på ny. Då, som no, arbeidde ho som musikklærar, med mange flinke barn i kullet.

– Eg ville at dei skulle kunne få gå vidare og få lov til å dyrke songen som instrument, fortel Jelstad. Då var det på tide å starte eit kor.

Anna Jelstad saman med Victoria Liedbergius, dagleg leiar i Ung i Kor, Anne Karin Sundal-Ask, dirigent i Det norske jentekor, og Kine Oldervik, styreleiar i Láhko Voices. I bakgrunnen står Hovedkoret frå Det norske jentekor, som også song under utdelinga. Foto: Nils Hidle

I nomineringa blir det lyft fram det du og koret tilfører til samfunnet Gildeskål. Korleis er det å drive kor på Gildeskål?

– Det er gjevande. Og utfordrande! Det handlar om å skape noko som tyder noko for folk, og noko som er bra. Foreldre må kunne stole på deg, og dei må ha tillit til at det du driv med er bra, slik at dei tør å sende barna sine dit, seier ho.

Er det noko som stikk seg ut med Láhko Voices, så er det kanskje reiseaktiviteten. Sidan 2014 har koret vore tre gonger på den internasjonale Coralua-festivalen i Trondheim, ein gong på festival i England, ei vitjing i Russland saman med kommunen, og no sist ei kortevling i Tsjekkia – om ein ikkje reknar lokale utflukter. Det er ikkje lite på fem år.

I arbeidet med Láhko voices har de jo valt å dra på mange turar og festivalar i inn- og utland. Kvifor har de valt å prioritere den typen av prosjekt?

– Det er noko me gjer for å trigge songarane, som ein gulrot for å halde motivasjonen oppe gjennom alle øvingane, seier Jelstad. Men det å dra på tur handlar også om å oppleve ting saman, og om å byggje fellesskap både i og utanfor songen. Me skal vere som ein familie!

Ho fortel at ein av dei siste pusselbitane som fall på plass før ho grunnla Láhko Voices faktisk var eit dirigentkurs i Stjørdal i januar 2014, så på den måten var det ein sirkel som vart slutta når ho vart annonsert som Årets barnekordirigent på den same staden. I vår feirer altså eit ungt, men svært aktivt kor 5-årsjubileum på heimebane. Då vil Ung i Kor vere til stades for å overlevere sjølve prisen – ein spesiell skulptur i form av ein stemmegaffel, og 25.000 kroner.

På dei fem åra du har halde på har du greidd å byggje opp noko ganske spesielt. Kva råd vil du gje til andre i same situasjon, som har lyst til å få til noko tilsvarande der dei bur?

Anna lyfter fram vekta av å finne gode støttespelarar. -Du kan ikkje vere åleine når du driv med dette, seier ho og smiler. Ho har mange gode ord om både styret i koret og andre lokale hjelparar, som har vore med på vegen. Men kanskje aller viktigast, seier ho:

– Du må ha trua på deg sjølv, og tore å tru på at den måten du gjer ting på er den rette måten. For dei humpane i vegen, dei kjem!

 

Comments are closed.