Archive of ‘Ung i Kor Midt’ category

Prisvinnar med solide rammer

Otterøy barne- og ungdomskor

Otterøy barne- og ungdomskor

Førre veke tok vi i mot den gledelege nyhenda om at eit av Ung i Kors medlemskor, Otterøy skolekor, blir tildelt den Mittnordiska kulturprisen for ungdom. Juryen heldt mellom anna fram korets unike modell og låg terskel for deltaking og medbestemming for ungdommane. Kva er denne unike modellen, og kva skapar denne låge terskelen? Best å ringe dirigent Mona Fossland og ta ein prat.

Barnekordirigent Mona Fossland

Barnekordirigent Mona Fossland

Fossland er lærar på Otterøy og har vore dirigent for barnekoret sidan 2008. Sidan førre haust har ho samarbeida tett med Gøril Øien, som dirigerer ungdomskoret.

– I fjor hadde vi eit veldig aktivt år. Vi har jobba både heilt lokalt og internasjonalt, forklarar Fossland. I fjor hadde koret til saman 26 oppdrag.

– Blir ikkje det mykje?

 – 26 er det totale antallet inkludert oppdrag med mindre grupper. 26 oppdrag med 35 ungar går jo ikkje an, så mange av dei yngste får fritak frå dei mest hektiske oppdraga, forklarar Fossland.

Koret har eksistert sidan 80-talet, som ikkje er så verst i seg sjølv, men Fossland fortel også at aktiviteten og populariteten har auka betrakteleg dei siste åra, med prosjekt som til dømes “Singing Cities” og “Friday Afternoons”. Fossland kan til og med fortelle at det no er veldig mange gutar med i koret.

Kva er årsaken til denne populariteten? Den “unike” modellen det er snakk om er ei heldig blanding av eit offentleg skuletilbod og den frivillige strukturen vi kjenner frå dei fleste kor.

– Rektor har fristilt tid slik at vi kan ha korøvingar i skuletida. Samtidig er det eit frivillig styre av foreldre som driv koret, og ungane melder seg inn og betalar kontigent, forklarar Fossland. – Slik blir terskelen for å bli med låg, sidan det er i skuletida, samtidig som koret står sjølvstendig og uavhengig av skulen, slår ho fast.

Alt dette har altså ført til at Fossland og koret kan ta turen over grensa til Sverige og Örnsköldsvik i Västernorrland 2. juni for å ta i mot den Mittnordiska Kulturprisen for born- og unge. Men kva er eigentleg dette ”Mittnordiska”, og korleis pleiar Otterøy-koret denne regionale tilknytinga?

– Eg må innrømme at det er noko vi ikkje har tenkt veldig mykje på, fortel Fossland.  – Men vi synger jo samiske sangar, som har felles kulturbakgrunn i alle tre landa, i tillegg til svenske sangar, og no jobbar vi faktisk med ein finsk korall! Det er faktisk Skandinavias første nedskrivne korall, forklarar ho. Soleis er der ei naturleg tilknyting allereie, gjennom eit sterkt mittnordisk repertoar.

– Og når vi no skal ta over prisen vonar vi å få synge minst fire sangar: Ein frå Norge, ein frå Sverige, ein finsk og ein samisk. Og etter at vi har fått denne prisen vil vi definitivt reflektere meir over vår Midt-Nordiske identitet!, seier ho spøkefullt.

– Men den modellen vi har for å ta vare på sangskatten er jo noko ein kan tenkje på i alle lokalsamfunn i Midt-Norden òg. Når ungane syng “Vem kan segla förutan vind?” så tårene trillar – det er herleg å få vere med på det!

SommerSangUka 2015 i Ung i Kor Midt!

fACEbook header SSU 15Årets sommersanguke i regi av Ung i Kor Midt finner sted 3. – 7. august på Torshus folkehøgskole i Orkdal.

Et spennende og lærerikt tilbud for deg mellom 11 og 19 år som er glad i å synge!

Årets tema er ROCK OF AGES! Vi har tre aldersinndelte workshopper:

  1. Råkk!
  2. Rock of the 80s
  3. Rock at the Opera

Sommersanguka er fem dager fylt med sang, dans og moro, og ikke minst blir du kjent med mange nye mennesker – med samme interesse som deg!

“Det beste med SommerSangUka har vært å møte alle folka, fellesskapet, å utvikle seg som sanger, sangene, lærerne, og det å kunne være seg selv så mye som det går an!”

– Deltagere SSU 14

Sommersangerne får også lære mer om koring, låtskriving, koreografi, akkompagnement, formidling, samspill, sangteknikk og mikrofonteknikk. SommerSangUka avsluttes med konsert for venner og familie.

Pris: 2500,-/2300,- (Ung i Kor medlem) Deltakeravgift inkluderer undervisning, kost og losji.

Meld deg på her! Husk å scrolle deg fram til riktig kurs i påmeldingen.

Mer informasjon og kontaktinfo finner du her.

_DSC07052_DSC0713