Archive of ‘LNU’ category

Ung i Kor på Barne- og ungdomstinget

24. og 25. april var Ung i Kor deltakarar på Barne- og ungdomstinget til LNU på Sundvolden. Saman med andre musikkorganisasjonar sette vi mellom anna forenkling og fokus på egna lokaler for fritidsaktivitet for born og unge på agendaen.

Barne og ungdomstinget (BUT) er representantskapsmøtet til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU). BUT vert gjennomført kvart år i april med både årsmøte, seminar og sosiale aktivitetar. Ung i Kor var i år representert ved styreleiar Mari Byrknes og informasjonskonsulent Olav Ø. Opsvik.

Styreleiar Mari Byrknes saman med ein av våre koristar i Norges Ungdomskor. På BUT representerte han Skeiv Ungdom.

Styreleiar Mari Byrknes saman med ein av våre koristar i Norges Ungdomskor, Åge Winje Brustad. På BUT representerte han Skeiv Ungdom.

Paraplyorganisasjonen LNU representerer 99 ulike organisasjonar som er sortert under fire kategoriar: Student og elev, Samfunnspolitiske, livssynsbaserte og Kultur, fritid og friluft. Ung i Kor høyrer naturlegvis til den siste. Med ei slik breidde av medlemsorganisasjonar vert også årsmøtet gjennomført med ei tilsvarande breidde.

Eit par døme: I tillegg til å gjere viktige vedtektsendringar for å effektivisere styrestrukturen i organisasjonen, gjekk BUT samstemt (med nokre unnatak) inn for stemmerett for 16-åringar. Unge stemmer skal høres!

I tillegg til å vere eit høve til å ta stilling til politiske spørsmål som er meir overordna vårt daglege arbeid er også Barne og ungdomstinget eit godt høve til å bli betre kjent med mange ulike og viktige barne- og ungomsorganisasjonar.

Saman med Korpsnett Norge, Ung Kirkesang, Norges Musikkorps Forbund og De unges orkesterforbund fremja Ung i Kor to resolusjonar og små, men svært betydningsfulle endringar i LNUs barne- og ungdomspolitiske program.

Resolusjonane dreia seg om forenkling av LNUs søknads- og rapporteringssystem og at LNU må gjere det enklare for medlemmar utanfor Osloområdet å delta på kurs og å dra nytte av LNUs ressursar, då særskild konseptet “Lån en LNUer”.

I det politiske programmet sørga vi for å spissa språket som dreia seg om offentlege lokaler slik at også LNU er med på kampen for egna musikklokaler til fritidsaktivitetar for born og unge, som er eit viktig satsingsområde for Norsk musikkråd og alle frivillige musikkorganisasjonar.

Ung i Kor ser fram til vidare samarbeid med LNU og dei andre medlemsorganisasjonane på musikkfeltet!