Archive of ‘Europa Cantat’ category

Ung i Kor på Europa Cantats generalforsamling

Ung i Kors deltakarar på “Cross the Line”-konferansa lærer arabisk sang av Barkev Taslakian, dirigent i Fayha Choir (Libanon).

Ung i Kor er medlemmar av det europeiske korforbundet, European Choral Association – Europa Cantat, og stilte med mange deltakarar på konferanse og generalforsamling 11.-13. november 2016. Tema for helga var sang og inkludering.

Internasjonalt samarbeid er viktig for utviklinga av korfeltet, og vi har mykje å lære av kvarandre på tvers av landegrenser. Difor er Ung i Kor opptekne av å halde kontakta med våre vener i Europa gjennom Europa Cantat. 11.-13. november deltok tre tilsette i Ung i Kor, samt deltakarar i opplæringsprogram for ungdom, UKO, på Europa Cantats generalforsamling og konferansa “Cross the line”, saman med korvener frå heile Europa. I løpet av helga blei også det første møtet for partnarar i Erasmus-prosjektet “Sing me in” heldt. Det heile gjekk føre seg i Utrecht, Nederland.

Cross the line
Temaet og namnet på årets konferansa dreiar seg både om å våge å krysse kulturelle og geografiske skilelinjer med hjelp frå songen, men også om å krysse sine eigne, indre grenser. Fleire parallelle kurs og workshops blei gjennomført, med utveksling av idéar og aktuelle prosjekt i Europa, øvingar for å kome nærmare kvarandre og ikkje minst ulike sangøkter. I tillegg til deltakarar frå ulike land i Europa, var også representantar for Fayha Choir frå Libanon med på konferansa og lærte bort ein arabisk korsang under sin workshop.

UKO-deltakarane gjennomførte ALLEMED-kurs.

UKO-deltakarane gjennomførte ALLEMED-kurs.

ALLEMED
Deltakarane frå Ung i Kors opplæringsprosjekt for unge, UKO, var tilstades på delar av generalforsamlinga og heile “Cross the line”-konferansa, men hadde også ei eiga økt med fokus på Ung i Kors inkluderingsarbeid, og då særskild Barn Synger-prosjektet, og ein workshop knyta til ALLEMED-samarbeidet Ung i Kor også er ein del av. Det blei ein givande og tett diskusjon om utfordringar og løysingar knyta til korsang, og andre fritidstilbod, og inkludering uavhengig av bakgrunn, inntekt og meir.

Til hausten skal UKO-gjengen delta på Ung i Kors landsmøte og ta i mot neste kull i opplæringsprogrammet, og ikkje minst skal dei spele ei stor rolle i gjennomføringa av Norbusangfestivalen i Os, 24.-28. mai 2017.

Sing me in
Søndag 13. november blei det første møtet for alle partnarane som er knyta til prosjektet “Sing me in”. I tillegg til Ung i Kor, som representerer Noreg, skal partnarar frå Estland, Finland, Nederland, Belgia, Frankrike, Spania, Tyrkia og Libanon (samt Europa Cantat, som har base i Tyskland), utforske og samle saman erfaringar frå heile Europa knyta til sang og inkludering av flyktningar og invandrarar.

På det innleiiande møtet blei grunnlaget for vidare samarbeid lagt, og i løpet av dei to neste åra vil mykje viktig arbeid bli gjort for å undersøke sangens rolle i situasjonen Europa og verda står i.

Opplæringsprogram for unge i Pécs, Ungarn

10891844_793863867347560_3217479627002541029_nEr du, eller noen du kjenner mellom 18 og 30 år engasjert i å organisere konserter, festivaler etc, og har lyst til å lære mer i et internasjonalt miljø? Fram til 31. januar går det an å søke om å delta i YEMP3 (Young Event Managment Programme) som er et opplæringsprogram fra 17. juli til 3. august 2015 knyttet til den internasjonale Europa Cantat XIX Pécs 2015, Ungarn. De som blir valgt ut til å delta får dekket alle kostnader. Det eneste de trenger dekke selv er reisen til Pécs. Sjekk det ut, og del med aktuelle deltakere!