Årets barnekordirigent 2017

 

 

Prisen til Årets barnekordirigent for 2017 blir tildelt Tone Wik, med fylgjande grunngjeving.

“Gjennom å i over to tiår ha arbeidd med å gje unge jenter ei god songskolering og store musikalske opplevingar, ved sida av eigen songkarriere, er ho eit godt føredøme ikkje berre for sine eigne songarar, men også for andre norske musikarar.”

Ung i Kor har gleda av å gje prisen for Årets barnekordirigent for 2017 til Tone Wik, som i over 20 år har vore “meir enn ein dirigent” for Steinerskolens jentekor.

Wik er utdanna songar frå Noregs Musikkhøgskule og Konservatoriet i Haag, og har i tillegg til det utøvande arbeidet vore leiar av Steinerskolens jentekor, som ho sjølv grunnla i 1996. Under hennar leiing har koret sidan då vore ein stad der hundrevis av songglade jenter har fått lære seg å syngje på eit høgt nivå. Wik har sjølv i høg grad arrangert og tilpassa eit variert repertoar, og lagt opp til at koret også får mange høve til å samarbeide med profesjonelle aktørar.

Mellom dei mange musikalske høgdepunkta kan ein lyfte fram konsertreiser i Europa, prestisjeoppdrag som medverknad på Fredspriskonserten og på Barnas konsertserie på Oslo konserthus, samt fleire plateutgjevingar, mellom anna medverknad på platene “Pulverheksas jul” (med Maj Britt Andersen, mellom andre), og “Banjo på badet” (med Rasmus og verdens beste band), som begge har vorte nominerte til Spellemann-prisen.

I nominasjonen til prisen blir det framheva at Wik under åra har vore “meir enn ein dirigent” for jentene i koret, og at ho i tillegg både skapar eit lekent og omsorgsfullt arbeidsmiljø, samstundes som ho er eit godt førebilete for songarane gjennom sin profesjonalitet og store kunnskap.

Me på Ung i Kor gratulerer Tone Wik til prisen!

 

Comments are closed.