Oppsal skoles kor feirer 60 år!

Etter 60 fantastiske år, feirar Oppsal skoles kor med jubileumskonsert i Bøler kirke! 

Å halde eit barnekor gåande i 60 år er ei bragd i seg sjølv, og om du les litt av historikken på koret si heimeside ser du kor mykje som kan skje av opp- og nedturar over ei slik periode.

Det heile blei starta av dirigent og lærar Nils Midtlien i 1957, og den gangen var det Oppsal skoles pikekor. Då koret feira 25 år i 1982 gav dei ut plate som resulterte i Spellemannpris i 1983. Profilen til koret blei meir open i 1986, då fleire elevar ved skulen fekk delta, ikkje minst gutane, og dei skifta namn til Oppsal skoles kor.

Over 30 år seinare eksisterer koret framleis, i dag med heile 70 songarar, og vil no stelle i stand ei høveleg feiring med gjesteartistar og høgdepunkt frå koret si 60 år lange historie vil stå på repertoaret.

Vel møtt!