Vokalgruppa på Forandringshuset Grønland søker nye songarar!

Siril Malmedal Hauge er instruktør for vokalgruppa ved Forandringshuset Grønland.

Kvar torsdag øver ein gjeng songglade ungdommar i ei vokalgruppe ved Forandringshuset Grønland, og no ser dei etter nye songarar. Møt opp på torsdagar kl 18 og heng deg på!

Per i dag har vokalgruppa 6 faste medlemmar som har sunge saman i eit år. Dirigent og instruktør er Siril Malmedal Hauge, som er utdanna jazzsongar frå NTNU og som i dag er profesjonell songar og instruktør. Siril og dei andre songarane har eit variert repertoar frå moderne popmusikk til sjølvskrivne songar som deltakarane har teke med sjølve.

Vokalgruppa er open for alle frå ungdomsskulealder og oppover. Klikk deg inn på Facebookhendinga her og bli med!

 

Eventyrleg norgesturné

Fantastisk vêr i Lofoten, men likevel passeleg temperatur til bunad. Norgesturné er ikkje dumt!

På sin ekstraordinære norgesturné har Norges Ungdomskor fått samarbeide med dei beste av dei beste, og fungert som inspirasjonskjelde til neste generasjon.

Norges Ungdomskor feirar 30 år i 2017, og har eit særskilt spennande prosjektår. Det heile byrja med deltaking på den internasjonale ungdomskorfestivalen i London i påskeferien, og har no blitt fulgt opp med ein storstilt norgesturné.

Spermkval er ikkje kvardagskost på korturné.

Det byrja i nord. Etter nokre dagar med øving hjå Vatnlia leirstad utanfor Bodø, blei det båttur til Lofoten og konsert i Lofotkatedralen. Etter mange år på rad i utlandet, er det likevel lett å konkludere med at Lofoten er vel så eksotisk. Særskilt når båten stoggar slik at alle får eit glimt av spermkvalen som tilfeldigvis symjer forbi.

Etter konsert i Lofoten gjekk turen vidare til Nordland Musikkfestuke i Bodø for ein storstilt konsert i samarbeid med ingen ringare enn Det Norske Solistkor og komponist og utøvar Gjermund Larsen. I Avisa Nordland blei konserten omtala som m.a. “magisk” og “virkningsfullt” og konklusjonen var at “trampeklapp fra publikum [var] helt på sin plass”. For Norges Ungdomskor var det stas og svært lærerikt å få jobbe med Solistkoret, Gjermund Larsen og ikkje minst dirigent Grete Pedersen.

Så måtte ein vende snuten sørover. Konserten i Bodø blei avslutta nokre minutt tidlegare enn planlagt, slik at koret kunne springe mot nattoget til Trondheim, og lunsjkonsert i Vår Frue kirke påfølgande dag.

Teksten held fram under biletet.

Lunsjkonsert i Vår Frue kirke.

Turnélivet er og skal vere beinhardt (og ja, vi hadde nokon på krykker òg), så rett etter konserten spratt vi inn i bussen mot Værnes lufthamn med kursen sett mot Flesland og vidare til Kongshaug musikkgymnas der Ung i Kor – Vest hadde si SommerSangUke. Med støtte frå Dextra Musica (Sparebankstiftelsen) har Ung i Kor denne gangen lagt opp til å besøke korsommarleirane i vest og på austlandet, der Ung i Kor Oslo og Ung i Kor SørØst hadde sitt arrangement hjå Toneheim folkehøgskole. Lærerike og varme møter for både songarane i Norges Ungdomskor og dei unge deltakarane på kursa!

SommerSangUka har hatt besøk av Norges Ungdomskor. Takk til Dextra Musica som har gjort dette inspirerende musikkmøtet mellom unge kortalenter mulig!

Opslået af Ung i Kor – Vest på 10. august 2017

Slike møter er inspirerande, og gjennom norgesturnéen fekk koristane ikkje berre oppleve Norge i sommarvêr og fantastisk natur, men også spennet i Kor-Norge, frå Solistkoret til den oppveksande generasjon. Måtte vi få til mange fleire slike møter mellom dei ulike skikta av feltet!

Konsertar blei det òg i Håkonshallen i Bergen, Vang kirke i Hamar og ikkje minst Oslo domkirke. Frå konserten i Oslo har vi også fått rimeleg gode opptak som vi vil dele med dykk gjennom hausten. No gler vi oss til den fantastiske jubileumshelga i oktober, med eit stort kor av tidlegare songarar og ikkje minst opptredenar frå fleire av dei tidlegare dirigentane til koret.

Før den tid kan de kose dykk med denne enkle, i utgangspunktet direkte sendte, filmen av Schnittkes Tre Sakrale Hymner.

Konsertopning i Vang Kirke: Alfred Schnittke – Drei geistliche Gesänge

Opslået af Norges Ungdomskor på 11. august 2017

Seminar med Linn Andrea Fuglseth

Kombinert dirigent- og barnekorseminar i Stavangerområdet 2. oktober og i Bergen 3. oktober 2017

På høstens kombinerte dirigent- og barnekorseminar har vi fokus på repertoar og gode prosjekter sammen med Linn Andrea Fuglseth. Linn Andrea er blant annet kjent fra Bolteløkka jentekor, Trio Mediæval og som årets barnekordirigent 2014. Hun kan vise til mange spennende og vellykkede prosjekter og hennes arbeid med Bolteløkka jentekor er alltid inspirerende. Konsertprosjektene og innspillingene deres er vel verdt å få med seg. Hun er også en meget dyktig tilrettelegger og arrangør av musikk som er velegnet for barnestemmen. Du kan lese mer om Linn Andreas repertoartanker her!

Seminaret tar utgangspunkt i Linn Andrea Fuglseth sine notehefter Mine visur og Jolevisur. Deltakerne på dirigentseminaret mottar et eksemplar av begge heftene (verdi 286,-).

Dirigentseminaret er myntet på aktive barnekordirigenter men krever ingen spesielle forkunnskaper. Det kan bli aktuelt for korene å forberede et par enkle sanger til barnekorseminaret.

Seminaret er todelt og holdes både i Stavanger og Bergen. Dagen begynner med dirigentseminar. Deretter har dirigentene felles matpause med enkel matservering. Senere ankommer de påmeldte korene og Linn Andrea jobber med disse fram mot en avsluttende konsert. På konserten framføres det vi har jobbet med på seminaret og hvert enkelt kor har anledning til å framføre et par egne låter. Seminaret er myntet på kor med medlemmer primært i alderen 3.-7. klasse men er åpent for barn i 1.-10. klasse. Dersom det blir stor spredning i alder på deltakerne, eller mange deltakere, er det aktuelt å dele dem opp i flere grupper og supplere med flere instruktører. Det blir servert frukt og drikke til deltakerne i pausene. Det er mulig å melde på kor og dirigent samlet, men også bare kor eller bare dirigent.

Obs! Barnekordelen av seminaret begynner tidlig og det vil for en del være nødvendig å busse sine sangere direkte fra skolen (for skolekor). Vi vil derfor koordinere busser slik at flest mulig kan være med. De skolekor (eller andre kor som kan samles for avreise fra ett sted) i Bergensområdet og i Stavangerområdet som ønsker busstransport fra sin skole kan oppgi dette i påmeldingsskjemaet. Det tilkommer en egenandel på 50 kroner per person for busstransport til seminaret. Hjem fra seminaret er det lagt opp til at barna blir hentet av sine foresatte som kommer på konserten.

Timeplan Stavangerområdet 2.oktober 2017 (Oppdatert: Seminaret blir i Sola kulturhus)
12-15 dirigentseminar
15 pause
16 barnekorseminar
18.30 konsert

Timeplan Bergen 3.oktober 2016 (Oppdatert: Seminaret blir i Grieghallen)
12-15 dirigentseminar
15 pause
16 barnekorseminar
18.30 konsert

Pris
500,- for deltakere dirigentseminar
500,- for deltakende kor
750,- for kor og dirigent
(+ 250,- per dirigent for kor med flere dirigenter)

Deltakeravgiften inkluderer enkel servering og ett sett med Mine Visur/Jolevisur per påmeldte dirigent. Dirigenter som er medlem i Ung i Kor kan få dekket deltakeravgift gjennom Ung i Kor – Vest sitt studiefond. Søknad gjøres enkelt i påmeldingsskjemaet.

Påmelding
Påmelding her! innen 15. september 2017. Bindende påmelding.

Voksne
Alle kor må stille med minimum en ansvarlig voksen i tillegg til dirigent. Korene har selv ansvar for sine egne korister.

Kontakt
mail: vest@ungikor.no
tlf: 93034989

Seminaret er støtte av Bergen kommune og Rogaland fylkeskommune.