Månadens kor juni 2016: Schola Cantorum

Ung i Kor er stolt av breidda i si medlemsmasse, med alt frå fantastiske, små aspirantkor til fleire kor på høgt, internasjonalt nivå. Eit av dei sistnemnte er Schola Cantorum. I denne bloggposten fortel ein av koristane, Ingeborg Widerøe, om utanlandsturane koret har hatt denne våren:

IMG_3449

Kammerkoret Schola Cantorum er eit av dei fremste kammerkora i landet. Koret er tilknytta Institutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo, og rekrutterer først og fremst songarane sine herifrå, i tillegg til frå Norges musikkhøgskole og Barrat Due Musikkinstitutt. Dirigent er Tone Bianca Sparre Dahl. Koret har høgt aktivitetsnivå, og våren 2016 var vi så heldige å bli invitert både til å delta på Europäisches Jugendchor Festival Basel i Sveits og til å holde konsert i Mariinsky-teatret i St. Petersburg, Russland.

Til Basel reiste vi med 25 songarar under 26 år og til St. Petersburg med 30 songarar. På begge turane var folkemusikar Bjørn Kåre Odde med oss.

3.-8. mai
Europäisches Jugendchor Festival Basel er ein festival som går av stabelen kvart andre år og i år feira ein at det var tiande gong den vart arrangert. Festivalen inviterte i 2016 sytten ungdoms- og barnekor frå heile Europa og eitt kor fra Indonesia til å delta.

Her kan ein lese meir om festivalen.

Dei 25 songarane som reiste til Basel danna eit eige prosjektkor initiert nettopp med tanke på denne festivalen. Schola Cantorum Youth Choir skulle vere eit tilbod til dyktige songarar under 26 år no i vår, og i tillegg til faste kormedlem yngre enn 26 år, fekk vi med oss 10 flinke prosjektsongarar. Også det svenske mannskoret som gjesta festivalen, Zero8, hadde gjort noko av det same.IMG_4506

Vi budde hos vertsfamiliar som tok oss godt i mot, og vi blei fulgt av lokale guidar som viste oss rundt. Arrangørane hadde lagt opp til eit stramt tidsskjema, men dette fungerte eigentleg veldig godt. Opplegget gjorde at vi fekk synge 9 konsertar på ulike stader rundt om i byen i løpet av 5 dagar. I forkant av festivalen vart det lyst ut ein konkurranse for komponistar om å arrangere sveitsiske folkemelodiar på nytt, og Frank Havrøy vant denne med sitt arrangement av Anneli, wobisch geschter gsi?

Grunna at det var det norske bidraget som vant, fekk vi delta på ein workshop med det sveitsiske ungdomskoret, som har deltakarar både frå dei tysk-, fransk- og italiensktalande delane av landet. På denne workshopen fekk vi lære eit sveitsisk stykke av dei, og vi hadde med Gropen, ein folkemelodi arrangert av Gjermund Larsen, i tillegg til at vi øvde inn Anneli saman. Denne workshopen gjorde at vi blei godt kjent med dei sveitsiske ungdomane, og blei eit eksempel på kva ein få til saman. Kulturutveksling for the win!

Schweizer Jugendchor & Schola Cantorum Youth Choir/Norwegen: Anneli, EJCF Basel 2016: 

Programmet på begge turane besto av mykje folkemusikk, og i samband med dette var vi så heldige å få med oss Bjørn Kåre Odde som solist på fele og hardingfele. Han er ein særs dyktig både musikar og komponist, og det var givande for heile koret å samarbeide med han. I tillegg til å være solist hadde Bjørn Kåre komponert eit stykke for blandakor og solo fele som vi urfremførte med han i slutten av april, og som vi også kunne ta med oss på reise. Stykket heiter Snilla Patea og vart eit av mange musikalske høgdepunkt. Link til ei av framføringane i Basel kan ein finne her:

Schola Cantorum Youth Choir/Norwegen: Snilla Patea, EJCF Basel 2016:

11.-13. mai
Veka etter reiste Schola Cantorum til Russland! I St. Petersburg fekk vi syngje i Mariinskyteateret sin konsertsal, ein sal som vart opna i 2006 og med spesielt god akustikk. Også her vart vi tatt godt i mot av arrangørane. Onsdagen vart brukt til reising, torsdag hadde vi eit par timar på føremiddagen til å sjå oss rundt i byen før det var prøver og konsert i salen på ettermiddagen/kvelden. Medan vi i Basel song mange mindre konsertar, hadde vi i St. Petersburg éin konsert på 90 min. Konserten hadde namnet ‘Sounds of the North’, og dette vart gjenspegla i valet av repertoar. Første del med hovudvekt på nyare nordisk kormusikk, og norsk folkemusikk i andre avdeling.

IMG_5911Ekstra gøy var det at dei tilsette ved det norske konsulatet i St. Petersburg kom for å høyre oss, og det var eit skikkeleg kick å få lov til å halde konsert ved ein så ærverdig institusjon som det Mariinsky-teateret er.

Turane vart støtta økonomisk av ulike støtteordningar både hos Norges Korforbund, Norsk Kulturråd, Generalkonsulatet i St. Petersburg, samt støtte frå arrangørane.

 

I tillegg betalte koristane eigenandelar. Planlegginga har pågått lenge, og for å få alt på plass måtte vi vere ute i god tid.

Det har vore veldig inspirerande og interessant å få reise utanfor Norge og halde konsertar denne siste månaden. Vi har ikkje berre blitt betre kjent med kvarandre, men også knytta nye kontaktar utanfor landegrensene som kanskje kan føre til fleire spennande prosjekt i framtida. Tommel opp for tur!