“Eg har jo så gjerne lyst å dele det eg kan!” – Andreas Hellesøy er Årets dirigentspire

I 2018 vedtok styret i Ung i Kor å innstifte prisen Årets dirigentspire. Målet er å oppmuntre unge songarar med interesse for dirigering, til å vilje utvikle seg som dirigentar og arbeide med korleiing. Prisen går til ein kandidat under 26 år, som ikkje treng å ha formell dirigeringsutdanning frå før, men likevel på ulike måtar har engasjert seg ekstra i korets musikalske arbeid.

Under dirigentsamlinga i Stjørdal annonserte me den fyrste vinnaren av prisen, som er Andreas Hellesøy frå Defrost Youth Choir. Me møtte Andreas i Stjørdal, der han var med som deltakar.

Defrost Youth Choir. Bilete: Defrost Youth Choir

Gratulerer til å vere den fyrste vinnaren av Årets dirigentspire!

– Jo, takk! Det er jo litt gjevt, seier ein audmjuk prisvinnar. Sjølv om eg fyrst var litt forundra. Noreg er jo større enn berre meg.

Defrost Youth Choir frå Hamar er mellom dei mest vidgjetne ungdomskora i landet. Dei siste åra har koret særleg vist seg fram som ein flott representant for norsk kortradisjon i utlandet. I 2018 fekk dei mellom anna gullmedalje i to klassar på World Choir Games i Sør-Afrika. Dirigent er Thomas Caplin. I koret fungerer Andreas som hjelpedirigent, som bistår Caplin på både øvingar og konsertar.

Kan du seie litt om kva slags rolle du har i koret?

– Dirigenten vår gjev mykje rom for at me skal kunne hjelpe kvarandre. Så har eg også fått ei rolle der Thomas involverer meg i spørsmål rundt både repertoar og opptaksprøve, så eg kjenner at eg får lov til å vere veldig delaktig i ulike delar av verksemda, fortel han.

Likevel, meiner han, er den sosiale rolla er minst like viktig.

– Eg har jo også ei rolle som ein av dei eldre i koret, og det legg jo ein del føringar om at du skal vere ein god rollemodell. Særleg for dei yngste, som jo skal ta over min plass ein gong.

Andreas byrja som trompetist i korps, men innsåg fort at det var gitar han hadde lyst å spele. Han fekk fort stor interesse for å bli flink, og hadde særskilt ei bratt læringskurve på vidaregåande. – Den tida var fin, smiler han

Andreas Hellesøy

Han hadde sitt fyrste møte med kor då han song i barnekor, og har gjennom åra sunge i både Tensing, skulekoret på vidaregåande og i vokalgruppe på Toneheim, før han byrja i Defrost.

Dei som nominerte deg la mellom anna vekt på at du bidro positivt til koret “musikalske og menneskelege utvikling”. Kan du fortelje litt om det?

– Det handlar litt om det med å gje kvarandre sjølvtillit, seier Andreas. Me deler mykje i koret, og er flinke til å oppmuntre kvarandre. Det er noko eg sjølv freistar å gjere aktivt, å sjå dei andre songarane, og setje pris på deira nærvære.

Er dette ei særskild oppgåve du har, eller er det tradisjon i koret?

– Det er jo ein tradisjon me har i koret. Men som styremedlem og hjelpedirigent kjenner eg at eg må vere med på å aktivt byggje det opp. Det kjem ikkje av seg sjølv, seier han.

Andreas meiner at det aspektet er minst like avgjerande som det musikalske, når koret skal opptre på konsert eller tevling.

– Me er sjukt flinke til å syngje – men det ein ser på scena er dei menneska me er.

I prisen inngår at Ung i Kor dekker reise og opphald til eit dirigentkurs på høveleg nivå for kandidaten – så i år var me så heldige at me hadde Andreas med som deltakar på eit kurs i Stjørdal. Han fortel entusiastisk om ein inspirerande kursleiar (Andreas gjekk på kurset til Grete Helle Rasmussen) og kunnskapsrike kollegaer.

Tilbake i kvardagen studerer Andreas til å bli faglærar i musikk, og han er tydeleg med at han har lyst til å undervise.

Dette med dirigering, då, er det noko du har lyst til å drive med?

– Ja! Eg kjem jo til å dirigere i livet mitt. Det å kunne lære musikk er ei svært verdifull evne, og det å få lære bort er veldig gjevande for meg. Eg har jo så gjerne lyst å dele det eg kan!

Me på Ung i Kor gratulerer Andreas Hellesøy frå Defrost Youth Choir, den fyrste vinnaren av Årets dirigentspire.

 

“Dei må kunne stole på at det du gjer er bra” – Intervju med Anna Jelstad

Anna Jelstad med Láhko Voices. Foto: Láhko Voices

 

I helga som gjekk vart ei overraska Anna Jelstad utnemnd til Årets barnekordirigent 2018 av Ung i Kor, under den tradisjonelle dirigentsamlinga i Stjørdal. Jelstad er dirigent for Láhko Voices frå Gildeskål i Nordland, som ho sjølv grunnla i 2014. Vi møtte ho dagen etter annonseringa av prisen, mellom kursavslutning og heimreise.

Korleis kjennest det å bli Årets barnekordirigent 2018?

– Det er heilt overveldande! Det kjennest fantastisk å bli sett, og få anerkjenning for det me gjer. Me vonar jo at det kan bidra med å skape interesse for det me driv med, og for den kvaliteten me vil stå for.

Fyrste gongen Jelstad freista å starte kor i Gildeskål var for 20 år sidan, men då varte det berre nokre få år. Fyrst i 2014 låg allting til rette for å prøve på ny. Då, som no, arbeidde ho som musikklærar, med mange flinke barn i kullet.

– Eg ville at dei skulle kunne få gå vidare og få lov til å dyrke songen som instrument, fortel Jelstad. Då var det på tide å starte eit kor.

Anna Jelstad saman med Victoria Liedbergius, dagleg leiar i Ung i Kor, Anne Karin Sundal-Ask, dirigent i Det norske jentekor, og Kine Oldervik, styreleiar i Láhko Voices. I bakgrunnen står Hovedkoret frå Det norske jentekor, som også song under utdelinga. Foto: Nils Hidle

I nomineringa blir det lyft fram det du og koret tilfører til samfunnet Gildeskål. Korleis er det å drive kor på Gildeskål?

– Det er gjevande. Og utfordrande! Det handlar om å skape noko som tyder noko for folk, og noko som er bra. Foreldre må kunne stole på deg, og dei må ha tillit til at det du driv med er bra, slik at dei tør å sende barna sine dit, seier ho.

Er det noko som stikk seg ut med Láhko Voices, så er det kanskje reiseaktiviteten. Sidan 2014 har koret vore tre gonger på den internasjonale Coralua-festivalen i Trondheim, ein gong på festival i England, ei vitjing i Russland saman med kommunen, og no sist ei kortevling i Tsjekkia – om ein ikkje reknar lokale utflukter. Det er ikkje lite på fem år.

I arbeidet med Láhko voices har de jo valt å dra på mange turar og festivalar i inn- og utland. Kvifor har de valt å prioritere den typen av prosjekt?

– Det er noko me gjer for å trigge songarane, som ein gulrot for å halde motivasjonen oppe gjennom alle øvingane, seier Jelstad. Men det å dra på tur handlar også om å oppleve ting saman, og om å byggje fellesskap både i og utanfor songen. Me skal vere som ein familie!

Ho fortel at ein av dei siste pusselbitane som fall på plass før ho grunnla Láhko Voices faktisk var eit dirigentkurs i Stjørdal i januar 2014, så på den måten var det ein sirkel som vart slutta når ho vart annonsert som Årets barnekordirigent på den same staden. I vår feirer altså eit ungt, men svært aktivt kor 5-årsjubileum på heimebane. Då vil Ung i Kor vere til stades for å overlevere sjølve prisen – ein spesiell skulptur i form av ein stemmegaffel, og 25.000 kroner.

På dei fem åra du har halde på har du greidd å byggje opp noko ganske spesielt. Kva råd vil du gje til andre i same situasjon, som har lyst til å få til noko tilsvarande der dei bur?

Anna lyfter fram vekta av å finne gode støttespelarar. -Du kan ikkje vere åleine når du driv med dette, seier ho og smiler. Ho har mange gode ord om både styret i koret og andre lokale hjelparar, som har vore med på vegen. Men kanskje aller viktigast, seier ho:

– Du må ha trua på deg sjølv, og tore å tru på at den måten du gjer ting på er den rette måten. For dei humpane i vegen, dei kjem!

 

Ledig stilling som regionskonsulent i Ung i Kor Midt

Ung i Kor Midt søker nå en ny regionskonsulent i 30% stilling, med med mulighet til utvidelse. Tiltredelse snarest.

Her kan du lese annonsen – http://www.ballade.no/jobb/1212

Utdrag fra stillingsannonsen:

Ung i Kor Midt er regionledd av Ung i Kor, med ca. 50 medlemskor og 2000 medlemmer i Trøndelag og Møre og Romsdal. Ung i Kor Midt er en selvstendig organisasjon med sitt eget styre og årsmøte som legger føringer for organisasjonens utvikling. Vi jobber aktivt for å skape gode sang- og musikkmiljøer som er åpne og tilgjengelige for alle barn og unge. I tillegg ønsker vi å synliggjøre koraktiviteten og tilrettelegge for gode læringsarenaer ved å tilby kurs, seminarer, festivaler og konserter.

Som regionkonsulent for Ung i Kor Midt har du ansvar for driften av organisasjonen, samt planlegging og gjennomføring av alle arrangementer og prosjekter for våre medlemmer. Du har et stort ansvar, men også stor tillit. Du vil ha betydelig påvirkningskraft på organisasjonen, og dine arbeidsoppgaver.

Hele stillingsutlysningen kan du lese på ballade.no:

http://www.ballade.no/jobb/1212

 

 

Kandidater til styrevalg 2019

På vegne av valgkomiteen til Ung i Kor, ber vi om kandidater til sentralleddets styre 2019-21.

Styret er et av organisasjonens viktigste organ, som skal sørge for at Landsmøtets vedtak følges opp, og at organisasjonen føres i riktig retning de kommende årene, og hele tiden virker til beste for korene og korenes medlemmer.

Vi er avhengig av en grundig og god prosess frem mot valget. Vi har bedt regionene ta opp i sine styrer hvem men vil foreslå som kandidater til valget. Men andre kan også foreslå kandidater, så lenge de som foreslås er medlem i Ung i Kor.

For at valgkomiteen skal få til en god geografisk og aldersmessig representasjon i styret, er vi helt avhengige av innspill fra medlemmene!

Om du kjenner at dette kunne være spennende for deg, eller vet om noen gode kandidater, kan du ENTEN ta kontakt med din region, og melde deg som kandidat, eller kontakte valgkomiteen direkte på aasnekvamme@gmail.com INNEN UTGANGEN AV JANUAR 2019.

Vi takker for kommende innspill!

Med vennlig hilsen Per Ivar Morken, Rebekka Hareide og Åsne Kvamme, valgkomité 2019.

Staffan var en stalledreng – på norsk

Har du alltid hatt lyst til å kunne syngje Staffan var en stalledreng på norsk? Du er ikkje åleine!

Om tradisjonen

Rundt om i Noreg ser me no at det byrjar å bli alt vanlegare at barne- og ungdomskor har stor aktivitet rundt Luciadagen, 13. desember. Mange av tradisjonane der er inspirerte av den svenske Luciafeiringa, som har vorte ein populær del av koråret, for både publikum og songarar.

Til de vanlegaste songane i eit svenskt Luciatog høyrer Staffan var en stalledräng, ein mellomalderballade som i dag finst i mange melodiske og tekstlege variantar (den vanlegaste, som sannsynleg er den dei fleste tenkjer på, kjem til dømes frå Småland).

Omslaget til 13 svenske Luciasanger.

Men medan Luciasongen sidan lang tid har eigen norsk tekst, er det mange andre songar som ikkje har teke steget inn i det norske repertoaret, kanskje nett på grunn av språkhinderet. For å inspirere norske barne- og ungdomskor til å utvide repertoaret sitt rundt Lucia, tok Ung i Kor i 2017 initiativ til å gje ut eit lite hefte med svenske Luciasongar i ny, norsk språkdrakt, i samarbeid med musikkforlaget Cantando.

Her kan du kome rett til noten på heimesidene til Cantando.

Kven var Staffan?

Staffan er i visa ei samansetjing av fleire ulike tradisjonar. På den eine sida har du den katolske helgenen Stefanus, som i skandinavisk tradisjon var omtalt som Herodes stallkar ved tida for Jesu fødsel. Han var då den fyrste som såg stjerna over Betlehem. Sannsynleg har den historia vorte påverka av ei anna forteljing om ein lokal helgen, ein Stenfinn, som var stalledreng før han vart biskop og martyr. Koplinga mellom Staffan og hestar har alltid vore til stades. Det var til dømes vanleg med ulike former for kappritt og liknande på Staffansdagen, 26. desember.

Om teksten og omsetjinga

I tekstvariantane kan me sjå desse ulike tolkingane av Staffansfiguren på ulike måtar. Den vanlege forteljinga er at Staffan er tidleg oppe for å stelle hestane, då han ser den ljose stjerna på himmelen.

Staffan var en stalledreng,
vi takker nå så gjerne,
han vannet sine foler fem,
alt for den lyse stjerne.

Me meiner at det er lov å justere i omsetjinga – allereie i fyrste vers! Korleis ville til dømes du setje om “vattna”? ‘Vannet’ – eller er det for konservativt? ‘Vatna’ høyrest kanskje litt svensk ut, men klingar på den andre sida godt i song. Er mellomtingen “vanna” ein god kompromiss? Kva er best i målet ditt?

Ingen dagning ser vi nå,
stjernene på himlen blå,
de blinker.

Her har me halde på rimstrukturen, og late rime på blå. Men kanskje du heller vil leggje deg nærmare originalen, og berre syngje stjernene på himmelen?

I versa som kjem fylgjer me Staffan i arbeidet hans.

To av dem var røde
vi takker nå så gjerne,
de tjente godt sin føde,
osb.

To av dem var hvite,
vi takker nå så gjerne,
de var hverandre like,
osb.

Femte folen apalgrå,
vi takker nå så gjerne,
den rider Staffan selv oppå,
osb.

For mange kanskje rider høyrest litt arkaisk – eller svensk – ut. Kanskje sitter kan være eit alternativ. Her er det lov å tilpasse til kva koret ditt likar.

Før det hørtes hanegal,
vi takker nå så gjerne,
framme han ved stallen var,
osb.

Før det sol på himmel står
vi takker nå så gjerne,
gyllen sal og bissel på,
osb.

Det finst sjølvsagt mange fleire vers i forteljinga! I moderne framføringar er det også vanleg å ta med nokre vers om jolefeiringa.

I hvert hus en juleild,
vi takker nå så gjerne,
julegrøt og julesild,
osb.

I hvert hus er stemmelyd,
vi takker nå så gjerne,
julesang og julefryd,
osb.

I andre variantar av folketonen er det meir fokus på Staffan som jeger, som tidleg er oppe for å jakte på ulv og bjørn.

Ingen sol på himlen står,
vi takker nå så gjerne,
når Staffan legger salen på,
osb.

Alle sov i hus og gard,
vi takker nå så gjerne,
da framme han ved skogen var,
osb.

I den stygge ulvens spor,
vi takker nå så gjerne,
rask og uredd Staffan for,
osb.

Gamle bjørnen i sitt hi,
vi takker nå så gjerne,
fra Staffan går han ikke fri,
osb.

I tillegg finst det mange versjonar som er tilpassa den tradisjonelle framføringa, der songarar gjekk frå gard til gard, og gjerne song fleire vers der dei bad om å få litt mat og drykk, og alternativt tok med eit par vers med trugsmål om kva som skulle hende om dei ikkje fekk det.

Er dette lov, då? Får ein gjere slik med tekstar? Ja! Meiner me. Som me kan sjå her er tradisjonen rundt staffansviser både varierande og svært kreativ historisk sett, så me ser ingen grunnar til at han ikkje skulle få halde fram med å vere det. Og då må jo teksten tole å syngjast på norsk òg. Dette meiner i alle høve me på Ung i Kor.

Vil du ha fleire norske tekstar på luciasongar, og nye, gode arrangement til barne- eller ungdomskoret ditt? Skaff deg heftet 13 svenske Luciasanger! Her finst det repertoar for alle slags kor!

 

Kommentar: Skolen som lokalt kulturhus

Denne teksten er skriven av Veronica Seu Stokkmo i Ung i Kor Oslo, og vart publisert i Dagsavisen 27. november 2018. Her kan du finne originalteksten.

Skolen som lokalt kulturhus – for hvem?

 

Hvor skal frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner som Ung i Kor Oslo samle barn fra hele byen om vi ikke kan være på skolene?

I løpet av et år tilbyr Ung i Kor Oslo aktivitet til omtrent 1000 barn fra hele Oslo som samles om et felles mål, synge og skape noe sammen. Slike kortreff arrangeres av Ung i Kor Oslo. I en by som Oslo med stort mangfold og ulike økonomiske forutsetninger er barnekor en ypperlig måte å jobbe med inkludering på. Det er et lavterskeltilbud som krever lite forkunnskaper og koster lite.

Forskning viser til at tidlig samarbeid barn imellom danner grunnlaget for senere forståelse for andres kultur, som igjen skaper et samfunn med mindre klasseskille.

Utfordringen er ikke å rekruttere deltakere, men å få tilgang til et sted å være.

Fra lørdag til søndag var 250 barn på kortreff på Berg skole. Det hele ble avsluttet med en storslått konsert med nesten 600 tilhørere i salen.

Det var med tungt hjerte at over 100 barn måtte avvises til årets treff, og nå kan det være slutt for alle.

De siste årene har det blitt vanskeligere og vanskeligere å låne skoler til disse arrangementene. Ideen om skolen som lokalt kulturhus ser dermed ikke ut til å fungere i Oslo. Det var bare så vidt at vi fikk landet lokaler til helgens treff.

I søken etter skoler til dette todagers-arrangementet, brukte vi nesten tre måneder på å få ett ja. Kun få timer etter første henvendelse tikket det inn avslag fra 70 skoler. Noen hadde tatt seg litt tid til å begrunne svaret, de fleste sa bare kort og godt; Nei. De resterende avslagene kom inn i løpet av få dager.

Våre arrangementer krever ikke mye av et skolebygg; klasserom til å sove og øve i, gymsal eller flerbrukshall til konsert, og på overnattingsarrangementer trenger vi tilgang til et kjøkken der vi kan servere brødmat.

Fordi det offentlige ønsker at lokaler som skoler skal kunne benyttes av frivillige organisasjoner finnes Forskrift om utlån og utleie av skoler og andre kommunale lokaler til frivillige organisasjoner i Oslo kommune. I forskriften står det spesifisert at avslag skal begrunnes, noe de færreste skoler tok seg tid til. Man kan spørre seg om forskriften har noe fore når vi blir avvist av 89 skoler.

Hvor skal frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner som Ung i Kor Oslo samle barn fra hele byen om vi ikke kan være på skolene?

Vi har lærelystne barn, vi har proffe instruktører, det eneste vi trenger er åpne dører!

VERONICA SEU STOKKMO

 

 

Rørande frå første tone!

“Køa strakte seg langt nedover gata og dei frivillige gjorde ein imponerande innsats for å presse inn folk i krikar og krokar på gymsalen. Gjennom helga hadde barna øvd inn musikk frå gamle klassikarar som Dumbo, Jungelboken, Løvenes Konge, og nyare klassikarar som Vaiana og Frost – framført med full konsentrasjon om song og koreografi. Smila strålte frå scena! Rørande frå første tone!”

Slik skriv Torkjell Hovland om Korweekenden til Ung i Kor Oslo, 10.-11. november, i ein rapport på Oslo Musikkråd sine sider. Utruleg artig med så mange born på ei helg – takk til songarar, friviljuge og organisatørane i Ung i Kor Oslo!

Les hele teksten til Hovland her.

Dirigentopplæring i ditt eget kor!

Foto: Ung Kirkesang

 

DIRIGENTSATSING BLANT UNGDOM – MORGENDAGENS KORDIRIGENTER

Høsten 2018 gjennomførte Ung i Kor sammen med Koralliansen et pilotprosjekt for å stimulere unge til å prøve seg på kordirigering. Etter stor interesse videreføres prosjektet nå for våren 2019 for barne- og ungdomskor i hele Norge. Prosjektet inngår i Koralliansens satsing på kordirigenter i Norge, og av “Dirigentløftet” støttet av Sparbankstiftelsen.

Prosjektet vender seg til kor med sangere opp til 26 år, der noen av sangerne har lyst å prøve seg på dirigering i trygge omgivelser. Sangerne i lokale barne- og ungdomskor skal få lære dirigering direkte av sin egen dirigent.

Dirigenten skal finne 3-5 interesserte sangere i koret, som dirigenten selv gir en innføring i grunnleggende moment i dirigering under et semester. Dirigenten skal til sammen legge opp 10 timer undervisning.

Alle dirigenter inviteres til en innledende samling med Anne Karin Sundal-Ask i Stjørdal 11.-13.januar 2019, hvor de får tips til hvordan undervisningen kan legges opp. Dette er ikke obligatorisk, men et sterkt ønske.

Økonomi:

Til dette tiltaket får koret økonomisk støtte på 10.000,- samt kursmateriell å bruke til undervisningen. Ung i Kor kan også bistå med rådgiving rundt alt som har med tiltaket å gjøre. Midlene koret får er beregnet til å dekke utgifter for ekstra arbeidstid for dirigenten, og andre ekstrautgifter i forbindelse med gjennomføring av undervisningen.

Påmelding:

Det er et begrenset antall plasser. Frist for påmelding er 7.desember 2018.

Påmelding finner du her!

For spørsmål er det bare å ta kontakt på mail, info@ungikor.no eller telefon 22 00 56 40.

Meld deg på NM for kor!

 

 

Nå er det åpent for påmelding til NM for Kor 2019! Gjennom NM ønsker Koralliansen å samle norske korsangere til en spennende og inspirerende konkurransehelg. Denne gangen vil NM bli avholdt i Trondheim, 11.-13. oktober 2019.

NM er åpent for kor på alle nivåer. Det vil bli konkurrert i A- og B-grupper i alle klasser, i tillegg til en separat eliteklasse. For norske ungdomskor vil det finnes en særskild ungdomskorklasse, men det vil selvfølgelig være mulig å konkurrere i flere ulike klasser! Det gjør at alle kor vil få høve til å måle kreftene mot kor som er på samme nivå.

Hvorfor skal en melde seg på en korkonkurranse som NM, egentlig? Det finnes mange grunner, mener vi! Mange liker konkurransemomentet, og det at man får mulighet til å jobbe ekstra konsentrert med repertoaret i oppkjøringsfasen. Det kan også være spennende å få detaljerte tilbakemeldinger fra høyt kvalifiserte dommere. Andre setter mest pris på det sosiale, å få dra på tur med ditt eget kor, og møte andre entusiastiske korsangere. Og ikke minst å få høre andre norske kor, hvordan de arbeider og hva de synger. Kanskje du får høre din nye yndlingssang i år?

Om du vil lese mer om påmelding, priser og alt annet du kan lure på, ta en tur innom hjemmesiden til NM for kor, http://www.nmforkor.no!

Blir du med til Stjørdal?

Vi ønsker alle norske barne- og ungdomskordirigenter velkomne på dirigentsamling i Stjørdal! Samlingen foregår i helgen 11.-13. januar 2019, og vil i år ha tre kurs du kan melde deg på til. Det første kurset er med Merzi Rajala fra Finland, som vil ta utgangspunkt i musikalsk lek og improvisasjon som verktøy for dirigenter, ofte med basis i verdensmusikk. Det andre kurset er med Jostein Hasselgård, og handler om å dirigere rytmisk musikk i ungdomskor. Det tredje kurset er med Grete Helle Rasmussen, som vil gi en innføring i å undervise i notekunnskap i barnekor. Med andre ord – her finnes det et spennende tema for alle!

Kursavgiften er bare 800,-, meld deg på i dag!

Les mer om kursene og påmeldinga her.

 

 

1 2 3 18