Årets dirigentspire

Ung i Kor stifta i 2018 prisen Årets dirigentspire. Prisen vil gå til ein ungdom som på ulike måtar viser interesse og potensiale for å lære seg kordirigering og å utviklast som dirigent. Ung i Kor ynskjer på denne måten å oppmuntre unge til å vilje bli gode dirigentar, og til å særleg interessere seg for å arbeide med andre barn og unge.

Eit talent for dirigering kan sjå ut på mange måtar. Difor ynskjer Ung i Kor å ha breie kriterium for å kunne bli nominert til prisen. Desse inkluderer:

  • Å ta ansvar for den musikalske utviklinga i koret, gruppa eller lokalmiljøet.
  • Å vise særskild interesse eller potensiale for å arbeide med song for barn og unge.
  • Å vise viser initiativ for drift, oppstart eller vidareføring av korets verksemd.
  • Å medverke til gjennomføringa av prosjekt, konsertar eller kurs, til inspirasjon eller læring for andre.
  • Å bidra med originale idéar, interessante konsept eller nybrotsarbeid for konsertar, innspelingar eller andre musikalske prosjekt.

Fulle retningsliner for prisen finn du her: Retningslinjer for Årets Barnekordirigent og Årets Dirigentspire

Prisen vil bli tildelt i form av deltaking i eit dirigentkurs i regi av Ung i Kor eller ein av dei andre organisasjonane i Koralliansen. For prisvinnaren vil både reise, losji og kursavgift bli betalt. Nivået på kurset vil bli avtalt i samtale med den nominerte.

Du kan nominere kandidaten din fram til 18. november 2018. Skjema for nominering finn du her.

Kandidaten treng ikkje å vere medlem i Ung i Kor.