“Eg har jo så gjerne lyst å dele det eg kan!” – Andreas Hellesøy er Årets dirigentspire 2018

I 2018 vedtok styret i Ung i Kor å innstifte prisen Årets dirigentspire. Målet er å oppmuntre unge songarar med interesse for dirigering, til å vilje utvikle seg som dirigentar og arbeide med korleiing. Prisen går til ein kandidat under 26 år, som ikkje treng å ha formell dirigeringsutdanning frå før, men likevel på ulike måtar har engasjert seg ekstra i korets musikalske arbeid.

Under dirigentsamlinga i Stjørdal annonserte me den fyrste vinnaren av prisen, som er Andreas Hellesøy frå Defrost Youth Choir. Me møtte Andreas i Stjørdal, der han var med som deltakar.

Defrost Youth Choir. Bilete: Defrost Youth Choir

Gratulerer til å vere den fyrste vinnaren av Årets dirigentspire!

– Jo, takk! Det er jo litt gjevt, seier ein audmjuk prisvinnar. Sjølv om eg fyrst var litt forundra. Noreg er jo større enn berre meg.

Defrost Youth Choir frå Hamar er mellom dei mest vidgjetne ungdomskora i landet. Dei siste åra har koret særleg vist seg fram som ein flott representant for norsk kortradisjon i utlandet. I 2018 fekk dei mellom anna gullmedalje i to klassar på World Choir Games i Sør-Afrika. Dirigent er Thomas Caplin. I koret fungerer Andreas som hjelpedirigent, som bistår Caplin på både øvingar og konsertar.

Kan du seie litt om kva slags rolle du har i koret?

– Dirigenten vår gjev mykje rom for at me skal kunne hjelpe kvarandre. Så har eg også fått ei rolle der Thomas involverer meg i spørsmål rundt både repertoar og opptaksprøve, så eg kjenner at eg får lov til å vere veldig delaktig i ulike delar av verksemda, fortel han.

Likevel, meiner han, er den sosiale rolla er minst like viktig.

– Eg har jo også ei rolle som ein av dei eldre i koret, og det legg jo ein del føringar om at du skal vere ein god rollemodell. Særleg for dei yngste, som jo skal ta over min plass ein gong.

Andreas Hellesøy

Andreas byrja som trompetist i korps, men innsåg fort at det var gitar han hadde lyst å spele. Han fekk fort stor interesse for å bli flink, og hadde særskilt ei bratt læringskurve på vidaregåande. – Den tida var fin, smiler han.

Han hadde sitt fyrste møte med kor då han song i barnekor, og har gjennom åra sunge i både Tensing, skulekoret på vidaregåande og i vokalgruppe på Toneheim, før han byrja i Defrost.

Dei som nominerte deg la mellom anna vekt på at du bidro positivt til koret “musikalske og menneskelege utvikling”. Kan du fortelje litt om det?

– Det handlar litt om det med å gje kvarandre sjølvtillit, seier Andreas. Me deler mykje i koret, og er flinke til å oppmuntre kvarandre. Det er noko eg sjølv freistar å gjere aktivt, å sjå dei andre songarane, og setje pris på deira nærvære.

Er dette ei særskild oppgåve du har, eller er det tradisjon i koret?

– Det er jo ein tradisjon me har i koret. Men som styremedlem og hjelpedirigent kjenner eg at eg må vere med på å aktivt byggje det opp. Det kjem ikkje av seg sjølv, seier han.

Andreas meiner at det aspektet er minst like avgjerande som det musikalske, når koret skal opptre på konsert eller tevling.

– Me er sjukt flinke til å syngje – men det ein ser på scena er dei menneska me er.

I prisen inngår at Ung i Kor dekker reise og opphald til eit dirigentkurs på høveleg nivå for kandidaten – så i år var me så heldige at me hadde Andreas med som deltakar på eit kurs i Stjørdal. Han fortel entusiastisk om ein inspirerande kursleiar (Andreas gjekk på kurset til Grete Helle Rasmussen) og kunnskapsrike kollegaer.

Tilbake i kvardagen studerer Andreas til å bli faglærar i musikk, og han er tydeleg med at han har lyst til å undervise.

Dette med dirigering, då, er det noko du har lyst til å drive med?

– Ja! Eg kjem jo til å dirigere i livet mitt. Det å kunne lære musikk er ei svært verdifull evne, og det å få lære bort er veldig gjevande for meg. Eg har jo så gjerne lyst å dele det eg kan!

Me på Ung i Kor gratulerer Andreas Hellesøy frå Defrost Youth Choir, den fyrste vinnaren av Årets dirigentspire.

 

Comments are closed.